Utstilling om julehefte i Aasen-tunet

Illustrasjon: Smørbukk julehefte frå 1964. (Foto: Norsk Barneblad)
Illustrasjon: Smørbukk julehefte frå 1964. (Foto: Norsk Barneblad)
Like sikkert som at adventsstjernene dukkar opp i vindauga i heimane våre i desse dagar, like sikkert er det at julehefta kjem i handelen. I basisutstillinga i Aasen-tunet har ein no høve til å sjå ei utstilling om denne tradisjonen.

Vi har lyst å trekkje fram ein tradisjon der nynorsken har stått sterkt, og det gjeld i høgste grad julehefta, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Juleheftetradisjonen er svært omfangsrik, så det er naturleg nok eit utsnitt av historia ein får sjå, med vekt på både dei litterære julehefta og teikneserietradisjonen. Utstillinga er sett saman av tre rullebanner og sju plansjar. I tillegg blir det sjølvsagt vist fram julehefte av ulike årgangar, og publikum kan fordjupe seg i bøker som er skrivne om emnet.

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1905.

Det eldste barnebladet i verda som framleis kjem ut, Norsk Barneblad, har gitt ut sitt eige julehefte Juletre sidan 1898, fortel Øvereng.

For mange i dag er det kanskje likevel først og fremst teikneseriane ein tenkjer på når det kjem til julehefte. Smørbukk, Vangsgutane, Tuss og Troll og Ingeniør Knut Berg blir her rekna for å vere dei viktigaste i den nynorske tradisjonen.

Alle desse tok til å kome ut som julehefte i 1940-åra. For mange som vaks opp på 1940-, 1950- og 1960-talet, er slike julehefte difor ein viktig del av jula, som kanskje gir ein smak av barndom og oppvekst, seier Øvereng, og ønskjer vel møtt til utstillinga. 

Emneord: 
Kommune: