Funn i fonn og fjell - seminar om arkeologiske funn i snøfonner

Funn ved Ringshornet. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Funn ved Ringshornet. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til eit ope seminar om arkeologiske funn i tilknytning til snøfonner i høgfjellet. Seminaret vil finne stad på Quality Hotel Alexandra i Molde den 29. januar 2015, kl. 10.00-12.30.

Møre og Romsdal fylkeskommune starta i 2014 eit arbeid med å kartlegge potensialet for arkeologiske funn i tilknyting til snøfonner i høgfjellet. Den varme sommaren resulterte i rekordsstor nedsmelting, og det blei gjort fleire spennande og godt bevarte funn i kanten av fonnene. Desse gjev ny innsikt om fangst og samfunn i forhistorisk tid, men kan også belyse spørsmål knytt til biologi, geologi og klima.

Ved dette seminaret har vi invitert fleire forskarar og andre frå heile landet til å presentere erfaringar, funn og strategiar, og vi håpar at også lokale fjellfolk med interesse for feltet vil ha anledning til å delta.

Etter lunsj vil det vere eit samarbeidsmøte for relevante aktørar innanfor kulturminnevernet.

Seminaret er gratis.

 

Frist for påmelding er 22. januar 2015:

Ta kontakt med Kristoffer Dahle, tlf: 71 25 89 0371 25 89 03, epost: kristoffer.dahle@mrfylke.no om de også ønskjer å delta på dette.

Emneord: 
Kommune: