Vamp kjem til Dei nynorske festspela

Vamp. Foto: Haakon Nordvik
Ingen ringare enn Vamp skal lage stemning under Dei nynorske festspela 2013. Laurdag 29. juni vil dei trollbinde publikum frå utescena i Aasen-tunet og billettsalet er opna.
Vamp er nasjonalskatten som alltid har noko nytt å by på. Den stemningsfulle musikken vil få perfekte omgjevnader på utescena i Aasen-tunet laurdag 29. juni, meiner Munch. Sist dei var på Festspela, sette dei publikumsrekord med 950 på Volda bygdetun, ein rekord som framleis står. - Dei 350 første er sikra sitjeplass i amfiet, men det er plass til mykje folk i terrenget rundt amfiet, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.
 
Vamp er ei av dei største suksesshistoriene i norsk musikkliv, både live og på plate. I mengda av heidersbevis står fem Spellemann-prisar og neste helg kan dei vinne sin sjette. Singelen «Liten fuggel» er nemleg nominert til årets hit.
 
Plata «Liten fuggel» kom hausten 2013 og er Haugesundsbandet sitt trettande i rekkja. Albumet blei spelt inn på Færøyane og i ABC studio i Etne. Produsent er Espen Lind, og Vamp seier sjølv i ei at det har vore ei fryd å spele inn denne plata. Haugesundsgruppa har trekt fulle hus i heile landet gjennom fleire år og detsiste albumet «Liten fuggel» har av fleire blitt karakterisert som eitt av dei beste.
 
Heile programmet til Dei nynorske festspela 27. - 30. juni 2013 skal lanserast onsdag 10. april og Karine Munch lovar fleire godbitar. - Språkåret 2013 og festspeltemaet Grenselaust har gitt oss rom å leike i. Mykje godt er på plass og nokre programpostar er i innspurten, vi gler oss til å dele årets festspelprogram med publikum etter påske, avsluttar Munch.
Emneord: 
Kommune: