Orkanen 25 år etter: Oddgeir Bruaset til Ivar Aasen-tunet

Orkanen av Oddgeir Bruaset.
Orkanen av Oddgeir Bruaset.
Oddgeir Bruaset. Foto: Tor Siverstøl.
Oddgeir Bruaset. Foto: Tor Siverstøl.
For 25 år sidan råka tidenes verste uvêr Vestlandet. Oddgeir Bruaset har snakka med mange av menneska som opplevde katastrofen, korleis hendingane denne orkannatta påverka liva deira. Tysdag 18. oktober kjem han til Aasen-tunet med boka Orkanen 25 år etter, som nyst er komen ut.

Natt til første nyttårsdag i 1992 feia ein veldig orkan inn over kysten av Noreg. Over heile Nordvestlandet og Trøndelag var skadane enorme, og uvêret er det sterkaste som er observert på det norske fastlandet i moderne tid. Mange tusen menneske vart råka direkte, og heile nasjonen vart prega av det som skjedde. 

Korleis gjekk det med menneska som vart hardast råka? Oddgeir Bruaset, den folkekjære programleiaren frå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, fortel om det dramatiske døgnet og korleis folk opplevde det. Vi får høyre om Frank Trøger, som dreiv omkring i bårehavet etter at båten hans forliste. Helle Ingelsrud måtte føde i lyset frå juledekorasjonar den natta, medan Karin Nesbakk så vidt rakk ned i kjellaren saman med familien før vinden røska vegger og tak av huset. 

Oddgeir Bruaset dekka orkanen for NRK og laga ein dokumentar og ei bok om hendinga. No, 25 år seinare, har han snakka med mange av menneska for å høyre korleis dei opplevde katastrofen, og korleis liva deira blei. Dei fortel om sorg og frykt for framtida, men også om det samhaldet mange opplevde. Kva gjer noko slikt med menneske og samfunn? Og kva er det som skjer med vêret vårt? 

Butikken og kafeen har langope denne dagen, med gode tilbod både til farsdag og jul. Oddgeir Bruaset signerer bøker etter arrangementet og i kafeen kan du kjøpe stormsuppe med tunbrød.

Arrangementet er eit samarbeid med Samlaget. 

Emneord: 
Kommune: