Fire tildelt kunstnarstipend for 2014

Visuelle kunstartar: Ine Harrang, 65 000 kroner Bilete av Ine Harrang sitt siste ferdigstilte prosjekt, «Elsewhere Revisited».
Visuelle kunstartar: Ine Harrang, 65 000 kroner Bilete av Ine Harrang sitt siste ferdigstilte prosjekt, «Elsewhere Revisited».
Musikk: Britt Elise Skram og Anna Liv Skjelten Gjendem,110 000 kroner
Musikk: Britt Elise Skram og Anna Liv Skjelten Gjendem,110 000 kroner
Film: Jan Otto Ertesvåg, 60 000 kroner Bilete som skal utviklast i prosjektperioden v/ Jan Otto Ertesvåg
Film: Jan Otto Ertesvåg, 60 000 kroner Bilete som skal utviklast i prosjektperioden v/ Jan Otto Ertesvåg
Litteratur: Berit Rødstøl, 65 000 kroner (foto: Samlaget)
Litteratur: Berit Rødstøl, 65 000 kroner (foto: Samlaget)
Kultur- og folkehelseutvalet vedtok 10.11.14 å tildele kunstnarstipend for 2014 til fire personar. Til saman blir det delt ut 300 000 kroner.

-Dei faglege vurderingane viser at søkjarane arbeider på eit høgt kunstnarisk nivå innanfor alle kunstuttrykk. Stiftelsen Kulturkvartalet, Rikskonsertane, Norsk forfattersentrum Midt-Norge og Vestnorsk filmsenter har vore sentrale samarbeidspartar for fylkeskommunen i vurderinga av søknadane, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Målet for ordninga er å bidra til å fremje profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet blant kunstnarar som bur og arbeider i fylket. Stipendet gir kunstnarane høve til å fordjupe seg og arbeide med nyskapande utviklingsarbeid innan sitt kunstfelt. 

Over 20 søkjarar

Kunstnarstipendet til Møre og Romsdal fylkeskommune har vore utlyst med søknadsfrist i september 2014. Då fristen gjekk ut, var det til saman 24 søkjarar; 17 innan visuell kunst, ein innan visuell kunst/film, to søkjarar innan musikk, tre søkjarar innan litteratur og ein søkjar innan film.

I samsvar med statuttane er det lagt særleg vekt på følgjande moment i vurderinga av det faglege innhaldet i søknadane:

  • Kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet
  • Kunstnarisk utvikling
  • Kunstnarisk nyskaping

Emneord: