Frå sauefjøs til jugendstil - 1 million i tilskot til kulturverntiltak

Toldboden i Kristiansund er eit av prosjekta som får støtte frå fylkeskommunen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Toldboden i Kristiansund er eit av prosjekta som får støtte frå fylkeskommunen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkeskommunen ønskjer å støtte opp om gode initiativ og bidra til at vesentlege delar av kulturarven vår blir teke i vare for ettertida. 3.februar fordelte kultur- og folkehelseutvalet tilskot til i alt 13 prosjekt.

Prosjekta er spreidd over heile fylket, frå Flåvær i Herøy i sør til Arasvika i Aure i nord.

Stort behov for finansiering
Fylkeskommunen fekk 25 søknader om tilskot frå kulturavdelinga sitt 2016-budsjett. Ein samla søknadssum på oppunder 5,4 millionar illustrerer eit stort behov for slik finansieringsstøtte. Prosjekta som får tilskot, blir alle vurdert å ha regional eller høg lokal verdi som kulturminne.

Frå sauefjøs til jugendstil
Prosjekta spenner mellom ulike bygg som til dømes sauefjøs på Bakketunet lengst inne i Hjørundfjorden, Rosekyrkja i Stordal og bunkerar i kystfort på Aukra. Både jugendstilhus i Ålesund sentrum og Toldboden i Kristiansund får delfinansiering gjennom denne ordninga. 

Emneord: 
Kommune: