Vil ha reklamespråk frå publikum.

VIL HA REKLAMESPRÅK: Dagleg leiar Gaute Øvereng og dokumentasjoneleiar Anders Aanes spør om folk kjenner til at dei har teke i bruk ord vendingar frå reklamespråket. Her med ein reklameplakat for Kaffistova.
VIL HA REKLAMESPRÅK: Dagleg leiar Gaute Øvereng og dokumentasjoneleiar Anders Aanes spør om folk kjenner til at dei har teke i bruk ord vendingar frå reklamespråket. Her med ein reklameplakat for Kaffistova.
I juni blir det opna ei utstilling om reklamespråk i Ivar Aasen-tunet. Utstillingsmakarane ønskjer no bidrag frå publikum.

Har du opplevd at slagorda i nokre reklamar umerkeleg har glide inn i daglegtalen din? Og kva synest du om at det i større grad blir brukt dialekt i reklamar? Og kva med engelsk? Alt dette er utstillingsgruppa i Ivar Aasen-tunet interesserte i å vite meir om.

– Vi veit om fleire døme på ord og uttrykk frå reklame som er komne inn i daglegtalen, men kva som blir sagt rundt om i heimane, er det umogleg å ha oversikt over. Difor treng vi fleire døme frå folk der ute, seier dokumentasjonsleiar Anders Aanes.

Ved å klikke deg inn på nettstaden aasentunet.no vil du finne eit skjema du kan fylle ut. Då er ein samstundes med i trekninga av eit gåvekort frå butikken i Aasen-tunet.

Temautstillinga om reklamespråk er nummer 31 i rekkja frå Nynorsk kultursentrum sidan opninga av Ivar Aasen-tunet i 2000. Bibliotek og andre museumsinstitusjonar låner titt og ofte desse utstillingane, og dei går dessutan i reprise i Ivar Aasen-tunet. Nett no er det Askerkretsen som står utstilt i Ivar Aasen-tunet.

Temautstillinga om reklamespråk opnar til sommarsesongen i Ivar Aasen-tunet. 

 

For meir informasjon:

Dokumentasjonsleiar Anders Aanes, tlf. 700 47 580

Dagleg leiar Gaute Øvereng, tlf. 700 47 578

 

Emneord: 
Kommune: