Sju kunstnarar i fylket får stipend

Marit Nerås Krogsæter (Sp), leiar kultur- og folkehelseutvalet. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Marit Nerås Krogsæter (Sp), leiar kultur- og folkehelseutvalet. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele kunstnarstipend for 2017 til sju kunstnarar. Totalt vart det delt ut 600 000 kroner. Stipenda skal vere med å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke.

Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt, seier leiar i Kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter. Ho er glad for at arbeidsstipendet på 200 000 kroner er blitt ein del av dei nye statuttane. Dette gir kunstnarar større økonomisk handlingsrom og ro til å utvikle kunsten sin. 
Det er tredje året Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut arbeidsstipend i tillegg til ordinære kunstnarstipend. Ved søknadsfristens utløp var det 42 søkarar. Dei sju kunstnarane som har fått tildelt stipend for 2017 er:

Arbeidsstipend:

Marit Helen Akslen (46), Sykkylven - 200 000 kroner.
 
Visuelle kunstartar:
Kathrine Lindman, (52), Kristiansund – 80 000 kroner
Ivan Dujmusic, (35), Volda – 80 000 kroner
 
Musikk:
Dag-Filip Roaldsnes,(32), Valderøy – 80 000 kroner
- Natalie Sandtorv, (29), Ålesund – 30 000 kroner
 
Litteratur:
Ingunn Røyset, (52), Ulsteinvik – 80 000 kroner
 
Scenekunst:
Inger Bakke, (43), Skodje – 50 000

Nye statuttar

I år vedtok utvalet nye statuttar for Kunstnarstipendet og ordninga har ei total ramme på 600 000. Av desse er 200 000 kroner øyremerka eit større arbeidsstipend til ein søkar innan visuell kunst. Målet for ordninga er å bidra til å fremje profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet blant kunstnarar som bur og arbeider i fylket. Stipendet gir kunstnarane høve til å fordjupe seg og arbeide med nyskapande utviklingsarbeid innan sitt kunstfelt. 
Fagleg grunngjeving

Trondheim kunstmuseum, Norsk forfattersentrum Midt-Norge, Vestnorsk filmsenter og Scenekunstbruket har vore sentrale samarbeidspartar for fylkeskommunen i vurderinga av søknadane.
42 søkarar

Kunstnarstipendet til Møre og Romsdal fylkeskommune har vore utlyst med søknadsfrist 1. juni 2017. Då fristen gjekk ut, var det til saman 23 søkarar innan visuell kunst, åtte søkarar innan musikk, fire søkarar innan litteratur, fem søkarar innan scenekunst og to søkarar innan film, 42 søkarar totalt.
I samsvar med statuttane er det lagt særleg vekt på følgjande i vurderinga:
                         Kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet
                         Kunstnarisk utvikling
                         Kunstnarisk nyskaping
Det er også eit viktig kriterium at Kunstnarstipendet i størst mogleg grad kjem kunstnarar innan alle kunstsjangrar til gode.
Stipenda blir delt ut i Kristiansund  26. oktober.

 

 

Emneord: 
Kommune: