ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Boreas leikar seg med både norsk og skotsk folkemusikk, og ønskjer slik å kome fram til eit nytt og spennande uttrykk.
Det som byrja med eit samarbeid mellom to av dei fremste folkemusikarane i Europa - Britt Pernille Førholm frå Hornindal i Noreg og Tori Watson frå området Borders i Skottland - har utvikla seg til ei gruppe av fire eineståande musikarar. I tillegg til Frøholm på hardingfele og Watson på fele og song, vil vi få høyre Irene Tillung traktere akkordeon og Innes Watson gitarar.
Ved å kombinere skotsk song- og feletradisjon med dansemusikk og songmelodiar frå Vestlandet, og dessutan trekkje inn samtidige arrangement og valørar, er Boreas klar for å gi publikum eit solid vestlandsvêr, med høgtrykk over havet frå Hebridane. Kanskje ikkje så rart då at gruppa har lånt namnet sitt frå ein figur i gresk mytologi, og Boreas tyder rett og slett nordavinden.
Britt Pernille Frøholm er ein allsidig musikar som dei siste åra har gitt ut fleire kritikarroste plater innan fleire ulike sjangrar, frå tradisjonell folkemusikk til fri improvisasjon med storband. Frøholm samarbeider med Irene Tillung, og dei har saman gitt ut plata «Eins» (2009). Hornindal-jenta er òg med i gruppene Face the Bear, LuckyLoop, Friensemblet, Ensemble Epoché og arcticaEclectica. Irene Tillung er ein mangsidig musikar som har turnert mykje for Rikskonsertane, og ho er fast medlem i trioen Tindra.
Lori Watson er ein profilert musikar i Skottland, og trioen hennar Lori Watson and Rule of Three har gitt ut fleire kritikarroste plater. Ho har turnert over store delar av Europa og Canada. Innes Watson er ein sentral medlem i mellom anna The Treacherous Orchestra, eit trettenmanns folkfusion band, som nyleg har spela inn plate og turnert heile Skottland.
Saman har desse fire musikarane, med ein lidenskap for nye og eksperimentelle former for musikk, klart å skape eit nytt uttrykk med utgangspunkt i den skotske og norske folkemusikken. Dei legg vekt på å framheve både fellesskapane og ulikskapane i den norske og skotske tradisjonen.
TORSDAG 20. OKTOBER 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Skotsk og norsk Kr 200 / student og honnør 150
Dato | Kva |
---|---|
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
28 jan |
Steinar Raknes - STILLHOUSE m/Unni Wilhelmsen Ørsta kulturhus |
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
05 feb |
Eva Weel Skram / Konsert Ørsta kulturhus |
06 feb |
Barn ingen adgang! Ørsta kulturhus |
28 feb |
Konsert med Stig Ulv Ørsta kulturhus |
02 mar |
Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida Ørsta kulturhus |
11 mar |
Konsert / Knut Marius Djupvik med band Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no