Fylkeskulturprisen 2013 til Ungdomslaget Fram

Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt fylkeskulturprisen 2013 til Ungdomslaget Fram, Flemsøy/Skuløy.

Ungdomslaget Fram på Flemsøy/Skuløy – eit særdeles aktivt ungdomslag med teater som hovudaktivitet.  Både born, unge og vaksne er med på scena.  Her møtast aktørar på eit høgt nivå, samstundes som alle som vil spele teater, får vere med.

Ungdomslaget Fram er ein viktig aktør i lokalsamfunnet.  Mange får her uvurderleg opplæring i å bruke stemmen sin, dialekta si, stå på ein scene, meistre utfordringar og samarbeide om eit godt resultat. Årvisst sidan 1970-talet har Ungdomslaget Fram gleda lokalsamfunnet med sine forestillingar – «Scenelysa har stått på nesten heile året».

Prisen til Ungdomslaget Fram er ein heider til den store frivillige innsatsen som blir lagt ned i vårt fylke for å skape trivsel i lokalsamfunna.

Fylkeskulturprisen er ein diplom og kr 50.000.  Prisen blir delt ut i samband med opning av Fylkestinget i Molde 9. desember 2013.  Prisen blir delt ut av fylkesordføraren og leiar av kultur- og folkehelseutvalet.

 

Kontaktpersonar:
Leiar i Kultur- og folkehelseutvalet Kristin Marie Sørheim
Tlf. 95 28 60 60 | Epost. kristin.marie.sorheim@mrfylke.no

Fylkeskultursjef Arvid Blindheim | Tlf. 71 25 88 31 /  913 28 056
Epost. arvid.blindheim@mrfylke.no

Ungdomslaget Fram, leiar Sigrun Rogne | Tlf. 99 59 15 84

Emneord: 
Kommune: