Festspela utforskar tabu i 2017

Lars Mæhle. Foto: Tove K. Breistein.
Lars Mæhle. Foto: Tove K. Breistein.
Stein Torleif Bjella. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.
Stein Torleif Bjella. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.
Finst det noko ein ikkje kan skrive om, le av eller synge om i samtida vår? Kva som er tabu, endrar seg heile tida – både i den nynorske skriftkulturen og i verda omkring oss. Under Dei nynorske festspela 2017 vil vi nytte festspeltemaet til å undersøkje korleis kulturelle og språklege tabu både held oss tilbake, pirrar og provoserer oss. Dei nynorske festspela 29. juni–2. juli 2017.

 

– Med neste års festspeltema, tabu, vågar vi oss inn på dei hemmelege, forbodne og heilage områda i samfunnet vårt, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan. Publikum får møte forfattarar og artistar som har sett ord på det useielege, og som utforskar og utfordrar tabugrensene. Dette har vore diktarane og andre kunstnarar sitt kall i uminnelege tider. Difor vil vi også løfte fram fleire av dei som opp gjennom historia fekk betale dyrt for sitt frimot til å setje namn på unemnelege sanningar.

Mange møte med festspeldiktaren

Den komande festspeldiktaren, Lars Mæhle, har også teke opp vanskelege og tabubelagde tema, som psykisk helse og behandlinga av romanifolket i Noreg, i bøkene sine. – Dette er ein av fleire grunnar til at vi har valt tabu som årets tema, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. Han lovar at publikum får rikeleg høve til å møte festspeldiktaren, og langt frå alt vil handle om tabu. Lars Mæhle er ein svært allsidig forfattar, som skriv alt frå humoristiske barnebøker til fantasy for ungdom og krim for vaksne.

Opningskonsert med Stein Torleif Bjella

Uteamfiet i Aasen-tunet blir også i 2017 arena for store arrangement kvar dag. – Vi gler oss over å kunne ønskje Stein Torleif Bjella velkomen attende til Ivar Aasen-tunet, og det på sjølve opningsdagen, seier Waagan. Bjella sitt fjerdealbum, Gode Liv, kom i oktober og har fått strålande kritikkar. Torsdag 29. juni vil Bjella setje oss i den rette festspelstemninga og ta publikum med inn i sitt særeigne låtunivers fylt av sørgmodige gleder. Billettane til opningskonserten blir lagde ut i dag.

DEI NYNORSKE FESTSPELA

  • Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda
  • Kvart år gjestar om lag 6000 menneske denne festivalen
  • Tema for dei komande Festspela er Tabu, og festspeldiktar er Lars Mæhle
  • Billettsal på www.festspela.no og ebillett.no
Emneord: 
Kommune: