D.D.E. med Bjarne Brøndbo til Festspela 2015

D.D.E. Fotograf: Line Berre
D.D.E. Fotograf: Line Berre
Bjarne Brøndbo. Fotograf: Marthe A. Vannebo
Bjarne Brøndbo. Fotograf: Marthe A. Vannebo
Laurdag 27. juni kjem D.D.E. med frontfiguren Bjarne Brøndbo til Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet for å spele konsert under Dei nynorske festspela.

 

For publikum blir det eit sjeldan nært møte med Bjarne Brøndbo, Eskil Brøndbo, Daniel Viken, Bård Jørgen Iversen, Eivind Berre og Arnt Egil Rånes på Dei nynorske festspela. For ingen annan stad er publikum så tett på som i Uteamfiet i Aasen-tunet.

I Norsk biografisk leksikon blir D.D.E. omtalt som eit heidundrande partyband frå Namsos, riddarar av folkeleg rock'n'roll, eit av Noregs mest populære band gjennom tidene, og samstundes eit av dei mest utskjelte. Lunkne platemeldarar har hatt problem med å forstå populariteten, men for tilhengjarane er forklaringa på suksessen enkel: D.D.E. spreier glede, og dei gjer det med ein energisk iver som ein kvar kritikar kan misunne dei.

D.D.E. har i mange år hatt eit nært samarbeid med forfattaren Idar Lind. I forkant av konserten kjem også han til Ivar Aasen-tunet for å snakke om tekstane sine. Då D.D.E. var heilt i startfasen og på jakt etter ein tekstforfattar, fekk dei tips om Lind som er frå Otterøy utanfor Namsos. Då dei møttest første gongen fekk komponist Frode Viken ein uferdig tekst i handa, som etter kvart blei til klassikaren «Vinsjan på kaia». Denne songen kom på topp i ei kåring Dagsavisen gjennomførte i 2014 om dei nye nasjonalsongane i Noreg.

Billettsalet til konserten er alt i gang, og sitjeplassane i amfiet går til dei som tingar først.

 

Emneord: 
Kommune: