Språket som er med deg overalt

Utstillinga har ein videoinstallasjon der vi får møte menneske med eit anna morsmål enn norsk. FOTO: Chris-Håvard Berge, Oclin AS
Utstillinga har ein videoinstallasjon der vi får møte menneske med eit anna morsmål enn norsk. FOTO: Chris-Håvard Berge, Oclin AS
Birgitte Fondevik, førstelektor i norsk som andrespråk ved Høgskulen i Volda, vil opne utstillinga. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Birgitte Fondevik, førstelektor i norsk som andrespråk ved Høgskulen i Volda, vil opne utstillinga. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Formidlar Liv Astrid Langnes og dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet ønskjer velkomen til utstillingsopning. FOTO Ivar Aasen-tunet / Laila W. Lid
Formidlar Liv Astrid Langnes og dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet ønskjer velkomen til utstillingsopning. FOTO Ivar Aasen-tunet / Laila W. Lid
Kva gjer det med folk å måtte gå inn i eit heilt nytt språksamfunn, og kva gjer det med tilhøvet deira til morsmålet? Onsdag 15. juni opnar temautstillinga «Menneske og språk på vandring» i Aasen-tunet.

 

Vi lever i ei tid der folk flyttar på seg, anten fordi dei leitar etter arbeid, eit nytt liv, eller flyktar frå krig og uro i heimlandet. Språket, ein av dei viktigaste brikkane i identiteten vår, blir lite tematisert når vi ser dei store overskriftene om flyktningkriser og folkevandringar.

Men det er på morsmålet tankane går føre seg, og det er i dette språkuniverset ein opplevde dei første og viktigaste åra av livet sitt. Kva skjer eigentleg når menneske på vandring mistar moglegheita til å bruke morsmålet sitt på same måten som tidlegare, og må tilpasse seg ein heilt ny språkleg kvardag?

Dette spørsmålet er blitt undersøkt i temautstillinga «Menneske og språk på vandring», som har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord. Gjennom ein videoinstallasjon vil publikum få møte menneske som har eit anna morsmål enn norsk, og som har vidt ulik bakgrunn. Somme har vore i Noreg i ti år, dei fleste mindre enn tre år. Felles for dei alle er at dei har lært seg norsk som andrespråk.

– Det var interessant å sjå skilnaden på dei som har vore her i nesten ti år, og dei som berre har vore eit par år. Dei som hadde vore her lengst uttrykte at dei mista litt fotfeste i morsmålet sitt, og at dei måtte tenkje seg om for å finne dei rette orda. Dei må arbeide aktivt for å ta vare på språket sitt, seier dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet.

Det er Birgitte Fondevik, førstelektor i norsk som andrespråk ved Høgskulen i Volda, som opnar temautstillinga onsdag 15. juni.

Formidlar Liv Astrid Langnes og dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet ønskjer velkomen til utstillingsopning.

 

Emneord: 
Kommune: