Velkomne til festival 14.-17. august!

Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. Panoramabilete.
Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. Panoramabilete.
Årets Trebaatfestival i Ulsteinvik nermar seg med stormskritt! Det som kanskje kunne bli ein "mens vi ventar på 10 års jubileet" festival, midt i eit byggeområde, ser ut til i alle høgaste grad å verte ein stor og flott festival, som er verdt eit besøk!

Det er snudd mange steinar, både bokstaveleg og på plan stadiet for å klare å flytte heile festivalen til andre sida av sentrum. Alle planar og kart må endrast. vi får nye naboar og nye sammarbeidspartnarar. Velviljen er stor over alt, og når ein ser på resultatet kan dette bli ein av dei beste festivalane så langt.

Utstillarområdet byr på stort mangfald og i sammarbeid med Kystlaga og Bondens Marked kjem det mykje spennande innan kystkultur. Heile området rundt Kulturalmenningen og Quality Ulstein Hotell bugnar av buder

Hamneområdet får 150 meter med ekstra flytebrygger frå bl.a. Ørsta Marina System, i tillegg til dei ordinære. Dette gjev god plass til mykje båtar. Påmeldingane strøymer på, og vi har fortsatt plass til fleire. Sjå på oversikta over dei påmelde, her er det mange godbitar!

I fare for å sette andre framfor nokon andre, vil vi gjerne nevne nokre, sjølv om alle trebåtar er hjertelig velkomne og har sine eigne flotte og sjarmerande sider! Kvinne(viking)skipet Emla, som kjem direkte frå Grunnlovjubileum på Eidsvoll, Mykle og Tampen1 som ligg i hamna med sine særeigne semidiesel motorar, Bilfergen som besøker oss for første gang, Hindholmen som er ein fantastisk representant for veteranbåtmiljøet kjem direkte frå Kystens landstevne i Oslo med ope museum ombord, Nybakk som kjem rett frå ThingTrail2014, er båtar vi gjerne nemner litt ekstra. Trebåtane er våre hovudartistar!

I festivalteltet skal det også skje mykje spennande. Vi startar med FjordenCowboys og New Jordal Swingers på fredagen, Laurdag blir det heile toppa med eit heilt nytt show med Benedicte Adrian, "Benedicte Summer Night City Show". I tillegg vert det innslag av underhaldning rundt om i sentrum både innandørs og utandørs.

Torsdag, 14. august 2014
 

12:00 Salgsutstilling Marinemaler Roald Solberg

Flotte maleri av maritime motiv, både orginalar og trykk. Utstillinga finn du på Blåhuset.

14:30 Opning av Skateparken

Offisiell opning av den nye Skateboardparken på Store Vikholmen. Skate skule med dei proffe skatarane Michael Sommer og Tobias Lien frå kl 15.00 - 18.30.

15:00 Kystmarknad

Stor utandørs marknad ved Kuturalmeningen og ved Quality Ulstein Hotel Kystlag, lokalmatprodusentar, Bondens Marked Ope Torsdag 15-19, Fredag 10-22, Laurdag 10-18

16:00 Thomas Tivoli

Thomas Tivoli står på parkeringsplassen ved Rolls Royce, samt barnekarusellar på Marknadsområdet. Torsdag til kl 23.00, Fredag og Laurdag til kl 24.00 Søndag 13-18

19:00 Kunstutstilling: Per Eide - Arbeid fra 5 tiår

I samband med Ulstein Kunstlag sitt 70 års jubileum, har fotokunstnaren Per Eide utstilling på Store Vikholmen. Ope Torsdag 19-21, Fredag 14-18, Laurdag 12-18, Søndag 12-17

19:00 Cecilie Skog - Cecilies Verden

Motivasjonsforedrag med eventyraren Cecilie Skog Billettar på www.sjoborg.no

20:30 Trebaat Quiz

Populær quiz på "KaffiKari" ved småbåthamna.

Fredag, 15. august 2014
 

10:00 Salgsutstilling Marinemaler Roald Solberg

Flotte maleri av maritime motiv, både orginalar og trykk. Utstillinga finn du på Blåhuset.

10:00 Kystmarknad

Stor utandørs marknad ved Kuturalmeningen og ved Quality Ulstein Hotel Kystlag, lokalmatprodusentar, Bondens Marked Ope Torsdag 15-19, Fredag 10-22, Laurdag 10-18

13:00 Thomas Tivoli

Thomas Tivoli står på parkeringsplassen ved Rolls Royce, samt barnekarusellar på Marknadsområdet. Torsdag til kl 23.00, Fredag og Laurdag til kl 24.00 Søndag 13-18

14:00 Kunstutstilling: Per Eide - Arbeid fra 5 tiår

I samband med Ulstein Kunstlag sitt 70 års jubileum, har fotokunstnaren Per Eide utstilling på Store Vikholmen. Ope Torsdag 19-21, Fredag 14-18, Laurdag 12-18, Søndag 12-17

14:00 Ope fotoarkiv Johan Ottesen

Fotoarkivet til Johan Ottesen held ope. Dette ligg på garden mellom RollsRoyce og Ulstein Verft. Ope Fredag 14-18 Laurdag 12-18 http://www.flyfotoarkivet.no/

16:00 Opa scene i Blåhuspassasjen

Blåhusscena har opa scene i opningstida til Blåhuset fram til kl-19.00 Marte Urke Antonsen, Victoria Skeide, Showtime m/Peter Demirov, Tamilsk dans. Møt Disney figurane! Vil du vere med, meld deg på tel 922 41 510.

16:00 M/S Hindholmen Ope skip

Omvisning i museum og maskinrom på den 98 år gamle verna fiskebåten i stål. Servering av Potetball og Sveler. Britt Aarseth signerar og sel romanen sin ombord. Ved kommunekaia.

17:30 Lothepus frå #FjordenCowboys spelar på Kystmarknaden

Ein kort smakebit av det som skal skje i teltet seinare på kvelden! Kom og opplev skytebasen frå Hardanger!

20:00 Skippermøte

2 frå kvar båt er inviterte til Skippermøtet, på Quality Hotel Ulstein, møterom vis a vi resepsjonen. Det blir generell nyttig informasjon om havn, arrangement og anna. Ragnar Thorset skal fortelje oss om den planlagde roturen tur/retur Shetland. Det blir servert forfriskingar til den som ynskjer, og festivalen spanderer!

20:00 Lothepus m/band frå #FjordenCowboys

Show med Lothepus frå Fjorden Cowboys Billpris: 280,- Billettsalg på www.sjoborg.no

22:00 Dans med New Jordal Swingers

I festivalteltet Billettsalg på www.sjoborg.no

Lørdag, 16. august 2014
 

10:00 Gratis KIWI Frokost

Gratis frokost til båtfolk og alle andre i Festivalteltet. Frokosten er sponsa av KIWI

10:00 Kystmarknad

Stor utandørs marknad ved Kuturalmeningen og ved Quality Ulstein Hotel Kystlag, lokalmatprodusentar, Bondens Marked Ope Torsdag 15-19, Fredag 10-22, Laurdag 10-18

10:00 Salgsutstilling Marinemaler Roald Solberg

Flotte maleri av maritime motiv, både orginalar og trykk. Utstillinga finn du på Blåhuset.

11:00 Thomas Tivoli

Thomas Tivoli står på parkeringsplassen ved Rolls Royce, samt barnekarusellar på Marknadsområdet. Torsdag til kl 23.00, Fredag og Laurdag til kl 24.00 Søndag 13-18

12:00 Kunstutstilling: Per Eide - Arbeid fra 5 tiår

I samband med Ulstein Kunstlag sitt 70 års jubileum, har fotokunstnaren Per Eide utstilling på Store Vikholmen. Ope Torsdag 19-21, Fredag 14-18, Laurdag 12-18, Søndag 12-17

12:00 M/S Hindholmen, Ope Skip

Omvisning i museum og maskinrom på den 98 år gamle verna fiskebåten i stål. Servering av Potetball og Sveler. Britt Aarseth signerar og sel romanen sin ombord. Ved kommunekaia.

12:00 Ope fotoarkiv Johan Ottesen

Fotoarkivet til Johan Ottesen held ope. Dette ligg på garden mellom RollsRoyce og Ulstein Verft. Ope Fredag 14-18 Laurdag 12-18

13:00 Kaptein Blåtann kjem i land

Kaptein Blåtann kjem i land ved Quality Ulstein Hotell

13:30 Kaptein Blåtann SHOW

Gratis utendørs show på Blåhusscena. Gratis pølser, is, og blåtann brus til alle born opp til 12 år inne på Blåhuset frå kl 14.15

14:00 Skateboard konkurranse

I Skapteparken på Store Vikholmen. Arr: Skateklubben

20:00 Show med Benedicte Adrian og Partymix

Fyrverkeri fra 80-tallet med smakebiter blant anna fra Dollie de Luxe, Which Witch, Abba og Kate Bush. Bill: kr 280,- Felles bilett med dans kr 460,- Billettar på www.sjoborg.no

22:00 Dans i teltet med PartyMIX

Alle de kjente låtene fra 70, 80 og 90-tallet! Bandet Partymix spelar til dans. Billett kr 280,- Fellesbillett inkl Show kr 460,- Billettar på: www.sjoborg.no

Søndag, 17. august 2014
 

12:00 Friluftsgudstjeneste på Borgarøya

Friluftsgudstjeneste på idylliske Borgarøya. Liturg: Bjørn Losvik. Ulstein KFUM/KFUK har musikalske innslag, lagar aktivtetar etter gudstjenesta, og ordnar transport frå gjestebrygga på Store Vikholmen frå kl 11.00. 15 minutt båttur frå Ulsteinvik. Det er gjestebrygge for tilreisande båtar på øya.

12:00 Kunstutstilling: Per Eide - Arbeid fra 5 tiår

I samband med Ulstein Kunstlag sitt 70 års jubileum, har fotokunstnaren Per Eide utstilling på Store Vikholmen. Ope Torsdag 19-21, Fredag 14-18, Laurdag 12-18, Søndag 12-17

13:00 Thomas Tivoli

Thomas Tivoli står på parkeringsplassen ved Rolls Royce, samt barnekarusellar på Marknadsområdet. Torsdag til kl 23.00, Fredag og Laurdag til kl 24.00 Søndag 13-18

18:00 Fotballkamp Hødd - HamKam

1. divisjonslaget og vår gode sammarbeidspartar Hødd spelar kamp mot HamKam på heimebana på Høddvoll. www.hodd.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: 
Kommune: