Fylkeskulturprisen 2012 til Ola Gjendem

Ola Gjedem på byvandring. Foto: Molde Bymuseum
Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt fylkeskulturprisen 2012 til Ola Gjendem frå Molde. Ola Gjendem har gjort ein kulturinnsats utanom det vanlege. Han har lang fartstid som kulturarbeidar på mange felt, som litteratur, musikk, dans og historie. Han har arbeidd mykje med kultur for barn og ungdom. Ola Gjendem er ein særs dyktig kulturformidlar.

Av den omfattande aktiviteten til Ola Gjendem, vil vi trekke fram utstillingane (30 i talet) på Molde bymuseum, byvandringar i Ålesund, Molde og Kristiansund og hans lokalhistoriske litterære produksjon. Han er ein ivrig samlar,formidlar og eit levande leksikon som lett skaper entusiasme for det han arbeider med.

Fylkeskulturprisen er ein diplom og kr 50.000,-. Prisen blir delt ut i samband med opning av Fylkestinget i Geiranger 10. desember. Prisen blir delt ut av fylkesordføraren og leiar av kultur- og folkehelseutvalet.

Kontaktpersonar:
Leiar av kultur- og folkehelseutvalet: Kristin Sørheim, tlf 95286060

Fylkeskultursjef: Arvid Blindheim, tlf 91328056.

Emneord: 
Kommune: