No kan du søke om kreativt stipend

I år er det fjerde gonga fylkeskommunen lyser ut kreativt stipend. Her frå utdelinga i 2016. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
I år er det fjerde gonga fylkeskommunen lyser ut kreativt stipend. Her frå utdelinga i 2016. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut inntil fire startstipend á 100 000 kroner til personar med kreativ fagbakgrunn, som vil starte eller vidareutvikle bedrift i Møre og Romsdal.

Dei som skal søke må beskrive kva dei har tenkt å tene pengar på og korleis dei har tenkt å bruke stipendet. Vi legg stor vekt på forretningspotensialet, det vil seie samanhengen mellom behovet i marknaden og produktet eller tenesta dei har tenkt å tilby, seier Carina Stokke i Møre og Romsdal fylkeskommune. - Vi legg også vekt på grad av nyskaping, altså om det du vil tilby er noko nytt eller om dette er noko som finst i marknaden frå før, seier Stokke.

Søknadsfrist 8. september

Søknadsfristen er 8. september. I tillegg er det nokre føresetnader som gjeld. Søkarane med dei beste ideane må vere forberedt på kome og presentere ideen sin for ein jury. Dei som får stipend, må også delta på gründeropplæring i regi av hoppid.no

Kven kan søke?

Søkarane må vere mellom 20 og 39 år, vere folkeregistrert i Møre og Romsdal og ha ambisjon om å starte eller vidareutvikle bedrift i Møre og Romsdal. Dei må minimun ha fagutdanning i eit av dei kreative faga; trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio. –Stipendet skal gå til dei som er i startfasen på bedriftsetablering (enkeltpersonforetak eller AS). Bedrifter som har eksistert i meir enn tre år, blir ikkje rekna som startfase, avsluttar Stokke.

Kommune: