- Spelar utruleg stor rolle

Pressebilete Arne Torvik. Fotograf: Ane Aspen. Møre og Romsdal fylkeskommune.
Pressebilete Arne Torvik. Fotograf: Ane Aspen. Møre og Romsdal fylkeskommune.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut kunstnarstipend. - Når det gjeld å utvikle seg kunstnerisk, spelar det ei utruleg stor rolle fordi ein får tid og moglegheit til å realisere idear og prøve ut nye ting, fortel jazzpianist Arne Torvik.

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser årleg ut eit kunstnarstipend som omfattar alle kunstuttrykk. Søknadsfristen er sett til 15.09.14. Det er sjuande gong stipenda vert delt ut, og den samla ramma for stipendordninga er på 300 000 kroner
- Det overordna målet for ordninga er å bidra til å fremje profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hjå kunstnarar som bur og arbeider i fylket, seier Johild Kosberg Bredin, fagsjef kulturformidling i fylkeskommunen.

Sidan 2008 har 33 kunstnarar frå fylket motteke stipend.

- Mottakarane gir oss tilbakemeldingar på at stipenda gir høve til fordjupning og kvalitetsarbeid innanfor kunstfeltet dei arbeider med, fortel Kosberg Bredin.

I fjor var jazzpianist Arne Torvik av dei som fekk glede av stipendet, med eit tilskot på 50.000 kroner
- Dei har eg brukt til nokre prosjekt med eigen musikk, mellom anna oppøving av eige materiale. Det kostar å få samla musikarar til øving, seier han.

Eit direkte resultat av stipendet var ein konsert av ny sekstett på Moldejazz, der Torvik spelte med Espen Bjarnar, Kristoffer Eikrem, Martin Myhre Olsen, Dan Peter Sundland og Tomas Järmyr. No arbeider Torvik vidare med mål om plateinnspeling basert på det erbeidet som er lagt ned

- Er offentlege tilskot viktige for folk som deg?

- Ja, når det gjeld å utvikle ting kunstnerisk, spelar det ein utruleg stor rolle fordi ein får tid og moglegheit til å lage nye ting, fortel Torvik

Talet på søknadar til kunststipendet har vore stabilt på om lag 30 kvart år.
- Kvaliteten på søknadane er gjennomgåande god. Diskusjonen går kvart år på om ein skal dele ut få, større stipend eller fordele midlane på fleire kunstnarar. I 2011 fekk 4 kunstnarar stipend, medan i 2013 vart stipendsummen fordelt på 8 kunstnarar, sluttar Kosberg Bredin

 

Søknadsfrist for inneverande år er 15.9.2014. 

 

Oversikt over stipendmottakarar frå 2010 finn du på www.mrfylke.no/Kunstnarstipend

Kontaktperson fylkeskommunen:
  • Johild Kosberg Bredin, fagsjef kulturformidling, tlf 911 49 119911 49 119

Emneord: