30 år med Ungdommens kulturmønstring i Møre og Romsdal

Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune
Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune
Ungdommens kulturmønstring
Ungdommens kulturmønstring
17. – 19.april skal 370 ungdommar frå heile fylket delta på UKM si fylkesmønstring i Herøy kommune. I år er det 30 år sidan den første fylkesmønstringa vart arrangert i Molde. Gjennom årlege lokale, regionale og nasjonale mønstringar, har unge kulturtalent frå fylket fått ein profesjonell arena for sine eigne uttrykk.

I løpet av helga blir det mellom anna stor jubileumskonsert i det nye Fosnavåg konserthus med deltakarar frå UKM gjennom 30 år. Mange av våre nasjonale artistar og kunstnarar har delteke på UKM i løpet av ungdomstida si. På konserten skal mellom anna Kåre Nymark, Kenneth Ekornes, deltakarar frå gruppa Red Hot delta, i tillegg til deltakarar frå UKM mønstringa / fylkesmønstringa.

Ein viktig kulturarena
Det vil også bli stor festparade, kulturverkstader, konsertar, kunstutstillingar, filmvisningar, scenekunst og mykje meir.

Fylkesmønstringa for UKM er eit arrangement i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune og det er Møre og Romsdal musikkråd som er ansvarleg for å drifte UKM i samarbeid med kommunane i fylket.

-UKM er etter 30 år framleis eit svært viktig tiltak for å gi ungdom ein god kulturarena, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. -Gjennom UKM kan ungdommane få sjølvtillit og støtte til å presentere dei kulturelle ytringane som dei sjølve ønskjer. Alt skal ligge til rette med profesjonell sceneteknikk og ei trygg ramme rundt dei unge kunstnarane. UKM skal vere ei god oppleving for alle som deltek, sier Wedlog Olsen.

Kommunane har hatt lokale mønstringar i løpet av vinteren, og i 2015 deltok 1 841 ungdommar. Av desse er altså 370 deltakarar plukka ut til å representere heimkommunane sine på fylkesmønstringa. Til sommaren skal eit utval representere Møre og Romsdal på den store landsmønstringa i Trondheim. 

Kommune: