Stadnamn for Skodje på internett

Midt på natta til i dag, 12. august 2011, blei dei siste stadnamna for Skodje lagt ut på internett.

4 067 namn ligg no med koordinatar og du kan sjå dei på karttenesta www.fylkesatlas.no. Namna fortel kvardagshistorie om arbeidsliv i gamal og ny tid. Du vil og finna namn som fortel om naturformer, spesielle hendingar, festar og segner. I heile landet finn vi stadnamn med segner om Heilag-Olav. Dette er mange gonger namn på vasskjelder. I Skodje har dei namnet "Bomma" som er ein stein nær sjøen. Segna fortel at dette skal ha vore matbomma til Heilag-Olav.

I Skodje er det og ei segn om ein Gomer som skal ha vore den første (bygdehovding eller småkonge) som slo seg ned på staden. Etter han finn vi stadnamnet "Gomerrøysa" som er ei gravrøys. Eit anna stadnamn er "Børseura". I denne ura gøymde oppsitjarane i Grindvika våpen under krigen 1940-1945. Eit naturnamn er namnet "Kamferberget". Dette er eit svaberg med farge som liknar kamfer.

Dersom du vil sjå alle stadnamna for Skodje, går du til internettadressa Stadnamn database . Vel Skodje kommune i Møre og Romsdal fylke. Sidan brukar du "handa" (panoreringsverktyet) til å finna området du er interessert i. Så lagar du ein firkant med "forstørringsglaset" (zoomverktyet) så du kjem ned i landskapet så du kan lesa namna på kartet.

Strevar du med å få opp stadnamna, kan du ringa 70165186 eller epost kulturnett@ikamr.no. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Jan Aakvik Kulturnettkoordiantor Møre og Romsdal

Emneord: 
Kommune: