Bokbåten Årets bibliotek 2012

Bokbåt-ansvarlig hos fylkesbiblioteket, Katrine Solberg, med prisen som Årets Bibliotek 2012. Foto: Svein Magne Harnes
Ein overraska, stolt og glad Bokbåt-stab mottok tysdag prisen som Årets Bibliotek 2012. Frå v. Inger Lise Aarseth, Katrine Solberg, Berit H. Hjertø, Hilde Gjessing, Vidar Kursetgjerde (bak) - alle frå fylkesbiblioteket - midten framme mot h.: fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær, leiar i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal, Anne Elin Øverbø og leiar i kultur- og folkehelseutvalet i fylket, Kristin Sørheim. Foto: Svein Magne Harnes
Katrine Solberg i Bokbåten mottar prisen som årets bibliotek 2012 fra leiar i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal Anne Elin Øverbø. Foto: Svein Magne Harnes
Bokbåten i Møre og Romsdal vart tysdag kveld overrekt prisen som Årets Bibliotek 2012. - Denne prisen betyr svært mykje for svært mange, sa Katrine Solberg hos Bokbåten, då ho takka for prisen.

Det var ein overraska, glad og stolt Bokbåt-stab som mottok prisen under årsmøtet i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal tysdag. 

- Prisen betyr utruleg mykje, ikkje berre for oss, men for alle som besøker Bokbåten på dei 70 stadane i fylket vi besøker kvart år, sa ho - og viste til at for mange er dette det einaste bibliotektilbodet. - vi har eit fantastisk Bokbåt-team og svært viktige støttespelarar og kontaktar på dei stadane vi oppsøker, understreka Solberg.

Bokbåt-satsinga her i fylket får utmerkinga for å vere ei unik flytande bibliotekteneste som har vore til nytte og glede for folk langs kyst og fjord i snart 50 år.

- Gode minne
Leiar i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal, Anne Elin Øverbø, sa ved overrekkinga at svært mange i vårt fylke har gode minne om sterke forventningar knytt til Bokbåten: - Den har vore ein kulturformidlar, begeistrar og inspirator i snart femti år. I medvind og motvind har den sigla i eit geografisk utfordrande farvatn og får kvart år besøk få 58 barnehagar og 55 skular.

Fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær peika på at Bokbåten kanskje er det viktigaste fellesbiblioteket fylket har, og at tilbodet får svært god respons. Ho takka også fylkespolitikarane som har halde Bokbåten flytande og peika på at den no siglar stabilt.

- Eg er glad for at Bokbåten no er redda unna den 'motvinden' den periodevis har sigla i, sa leiar i kultur- og folkehelseutvalet i fylket, Kristin Sørheim.

Like populær
Etter snart 50 år langs kysten vår, med bøker og kulturprogram, er Bokbåten Epos stadig like populær. Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram besøker det sjøgåande biblioteket kvar vår og haust rundt 70 stader i fylket, og når ut med både bokutlån og kulturprogram for barn.

Ombord får publikum hjelp til å velje bøker. Skular og barnehagar kan også bestille bokkasser som kan hentast når båten kjem. Fleire av dei 46 skulane som bokbåten besøker kombinerer bokbåtbesøket med leseprosjekt. På denne måte blir Bokbåten eit viktig supplement til skuleboblioteka. 

I tillegg har Bokbåten utvikla seg til å bli eit flytande kulturtilbod, med variert underhaldningsprogram for store og små, som t.d. teaterframsyningar og forteljarstunder.

Felleseige
– Bokbåten er eit heilt spesielt bibliotektilbod som på mange måtar er felleseige for heile fylket. Det er ei unik teneste som har gleda folket langs kyst og fjord i mange år, seier leiar i Norsk Bibliotekforening i Møre og Romsdal, Anne Elin Øverbø. Ho beskriv Bokbåten som ei basisteneste i det kulturtilbodet som Møre og Romsdal fylkeskommune legg til rette for og gir økonomisk støtte til.

Bokbåttenesta blei opphavleg etablert i 1959, som eit tilbod i Hordaland. I 1963 kom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med. I dag er Bokbåten eit samarbeidstiltak mellom fylkeskommunane Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Bokbåten har også etablert eit digitalt tilbod, gjennomBokbåtklubben, som er ein nettstad for born som er lånarar på Bokbåten. Her finn du tips om gode bøker, blogg, spel, konkurransar og anna. På nettstaden til bokbåten Epos kan ein også følgje bokbåten når han er på tur, ved hjelp av eit kart. 

 

Kontaktpersonar:

Fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær, Mobil: 91 63 53 86

Bokbåtadministrator Katrine Solberg, Tlf: 70 16 22 763

Emneord: 
Kommune: