Bokpresentasjon og kyrkjesoge i Skodje

Skodje Kyrkje. Foto: Ingvil Eilertsen Grimstad
Måndag 19. september er det duka for eit spennande kulturmøte i Skodje kyrkje. Det er Skodje Sogelag og soknerådet i kommunen som inviterer til presentasjon av den nye bokverket om kyrkjene på Sunnmøre, og sjølvsagt då med hovudvekt på Skodje kyrkje. Forfattar Øystein Ekroll er foredragshaldar.

Historia til dei enkelte kyrkjene er lite kjend for dei fleste. Det er svært få som har forska på dette emnet på ein systematisk måte. Og det var nettopp dette Øystein Ekroll ville gjere noko med. Som arkeolog og spesialist på steinbygningar frå mellomalderen, har han sidan 1992 arbeid som forskar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider i Trondheim.

Givande samarbeid

Arkeologen, som har sine røter frå Larsnes og Engesetdal, innrømmer gjerne at han er meir enn middels interessert i kyrkjehistorie: I 1974 og 76 deltok han på utgravingane av kyrkjetuftene i Herøy og Haram. For fem - seks år sidan blei idéen om ei bok om kyrkjene på Sunnmøre fødd. Øystein fekk med seg broren sin, Einar Ekroll – som er prosjektleiar – og meisterfotograf Per Eide frå Ulsteinvik, som begge har lete seg inspirere kyrkjene, ornamenta og kulturskattane som kvar av desse staselege bygga ber med seg.

Skjulte skattar

Vi har funne ting som ingen nolevande har visst om. Eg er jo ingen kyrkjemann, eigentleg, men no har eg nærast blitt frelst på dette stoffet. Det gir meg eit adrenalinkick å få vere med på oppdagingsferd med desse karane. Øystein er jo ein av landets mest anerkjende kyrkjehistorikarar, fortel fotograf Per Eide entusiastisk.

Emneord: 
Kommune: