Ingebjørg Bratland til Dei nynorske festspela

Ingebjørg Bratland. Foto: Atle Richter.
Ingebjørg Bratland. Foto: Atle Richter.
Ingebjørg Bratland held konsert fredag 24. juni i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela 2016.

– Songen «Fordi eg elskar deg», opphavleg av Bob Dylan, har funne vegen inn i mange hjarte gjennom den vakre stemma til Ingebjørg Bratland. Vi gler oss stort til å presentere den populære artisten under Dei nynorske festspela, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet.

Ingebjørg Bratland syng på sitt eige morsmål, og songen «På avstand» var ein radiofavoritt for eitt år sidan. «Fordi eg elskar deg» har fått norsk tekst av Bjarte Hjelmeland, men elles står Bratland bak alle songane på si siste soloplate Månesinn, den andre i rekkja. Mange kjenner henne nok også frå samarbeidet med Odd Nordstoga, både frå tittelsongen i «Jul i svingen» og frå plata Heimafrå. Bakgrunnen frå folkemusikken gir henne eit rikt musikalsk uttrykk og mykje å spele på når ho no har etablert seg innanfor popsjangeren. Ifølgje Aftenposten står Ingebjørg Bratland no «artistisk trygt på egne ben og bør stole fullt og helt på eget låtskrivertalent». 

– Billettane er lagde ut for sal og kan vere ei fin julegåve, avsluttar Widerøe.

Emneord: 
Kommune: