Kven bør bli Årets nynorskbrukar 2015?

Tidlegare vinnarar Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga (2014), Filosofen Gunnar Skirbekk (2013) og ournalistane Ingvild Bryn og Arill Riise (2012). Fotokjelde: Nynorsk Kultursentrum
Tidlegare vinnarar Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga (2014), Filosofen Gunnar Skirbekk (2013) og ournalistane Ingvild Bryn og Arill Riise (2012). Fotokjelde: Nynorsk Kultursentrum
Nynorsk kultursentrum bed om framlegg til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar 2015». Til no har styre og tilsette i Nynorsk kultursentrum teke seg av dette, men frå i år kan kven som helst føreslå kandidatar – Dette er den fremste nynorskprisen og ein av dei få som dekkjer alle samfunnsområde, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

 

Fristen for å føreslå kandidatar er sett til onsdag 10. februar. Styret i Nynorsk kultursentrum tek si avgjerd få veker seinare. Prisen er på 100 000 kr og blir kvart år delt ut ved opninga av Dei nynorske festspela.

Prissummen er 100 000 kr
– Vi har ei god liste med kandidatar frå år til år, men ein så viktig pris bør fleire få ta del i ved å fremje kandidatar med korte grunngivingar, seier Grepstad. Først og fremst er dette ein pris for viktig innsats dei siste åra. – Mange bør prisast for innsatsen sin over lang tid, men Nynorsk kultursentrum vil med denne prisen framheve det som skjer her og no, på ulike samfunnsområde, seier Grepstad.
Prisen «Årets nynorskbrukar» blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.

For meir informasjon
Direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 eller 906 16 727
Kommunikasjonsrådgivar Laila W. Lid, tlf. 70 04 75 82 eller 958 70 569

Årets nynorskbrukarar 2000–2014
2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002 Ringstabekk skole
2003 Redaktør Martin Toft
2004 Musikkgruppa Side Brok
2005 Forfattar Kjartan Fløgstad
2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010 Forfattar Maria Parr
2011 Bloggar Linda Sæbø
2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
2013 Filosofen Gunnar Skirbekk
2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga 

Emneord: 
Kommune: