Kunstnarstipend Møre og Romsdal 2012

Stangenes
Maleri/digital collage - Fræna av Sissel Stangenes. Alle rettigheter: Sissel Stangenes. Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Møre og Romsdal fylkeskommune skal for femte år på rad dele ut stipend til kunstnarar som er busett i fylket. Stipendordninga har ei årleg ramme på 300 000,- og alle kunstartar er inkludert i ordninga. Søknadsfrist er 15.9.2012.

 Ordninga gir rom for å dele ut fleire årlege stipend innafor ramma. Stipenda vert tildelt av kulturutvalet etter innstilling frå fylkeskultursjefen.

Stipendordninga skal ha eit overordna mål om bidra til å fremje kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hjå kunstnarar som bur og verker i fylket.
Søknadar som skildrar arbeid med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt vil bli prioritert.

 

STATUTTAR FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE SITT KUNSTNARSTIPEND,
JUSTERT I HØVE TIL VEDTAK I KULTURUTVALET I SAK KU-33/10

Generelt om ordninga
Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei ordning med utdeling av kunstnarstipend.
Ordninga har ei årleg økonomisk ramme på kr 300.000. Alle kunstartar er inkludert i ordninga.
Ordninga gir rom for å dele ut fleire årlege stipend innanfor ramma på kr 300.000. Stipenda
vert tildelt av kulturutvalet etter innstilling frå fylkeskultursjefen. Ved behov innhentar
fylkeskultursjefen ekstern kompetanse til vurdering av søknadene. Tildelingane kulturutvalet
gjer er endelege og kan ikkje ankast.
Dersom midlane av kvalitetsomsyn på søknadene eit år ikkje vert disponerte fullt ut, kan dei
overførast til neste år.

Formål
Møre og Romsdal fylkeskommune si ordning med kunstnarstipend skal:
 ha eit overordna mål om å bidra til å fremje kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hjå
kunstnarar som bur og verkar i fylket. Det er også eit mål at kunstnarstipendordninga
på sikt skal stimulere utflytta kunstnarar til å kome heim for å etablere seg i fylket
 gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i eit nærare definert kunstfagleg område over tid
(jfr skildring i søknadene) slik at dei kan utvikle seg sjølve og samtidig få moglegheit til
å heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt
 gje kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i
notida sitt kunstfelt.

Vilkår
 Søkjaren skal ha vore busett og hatt sitt virke i Møre og Romsdal dei siste tre åra.
Dersom det ligg føre ein særs god søknad frå kunstnarar med noko kortare bu- og
arbeidstid i fylket, og som har stort potensiale i seg, kan ein slik søknad likevel
vurderast.
 Stipenda kan ikkje innvilgast med sikte på å finansiere formell utdanning innanfor
fagfeltet.
 Søkjar må kunne dokumentere profesjonell kunstutdanning og verksemd innan sitt
fagområde.
 Stipenda skal i hovudsak ikkje nyttast til innkjøp av utstyr. Ein kan gjere unntak
dersom utstyret utgjer ein mindre del av søknadssummen og utgjer ein føresetnad for å
kunne realisere søknaden sitt innhald.
 Stipenda skal ikkje nyttast til å finansiere oppstart av næringsverksemd.
Rapportering
Stipendmottakarane må levere skriftleg rapport seinast innan 1.12. kvart stipendår. Rapporten
skal innehalde oversikt over korleis stipendet er brukt og kunstnaren si eiga vurdering av
stipendperioden. 75 % av stipendet vert utbetalt ved tildeling og resten vert utbetalt ved
rapportering.

 

Kontakinformasjon:

Anette Storli Andersen
Rådgivar
Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkeshuset, 6404 Molde
Telefon: (+47) 71 25 89 12/ 988 27 899

www.mrfylke.no  
____________________________
Følg med på desse nettsidene:

www.kultursekken.no
www.facebook.com/kultursekken  
www.moremusikarane.no

Emneord: