Fire kreative talent har fått startstipend

Utdeling av kreativt stipend 2016. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Utdeling av kreativt stipend 2016. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
For tredje gong deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut startstipend til kreative talent. Stipenda er på 100 000 kroner kvar, og går til dansar Tendai Makurumbandi, arkitekt Klaudia Krol, modist Stine Rudi Standal og Aninaut Studios.

Stipenda er eitt av mange tiltak i fylkeskommunen si satsing på kreative næringar. Stipendet skal gå til personar mellom 20 og 39 år med kreativ fagbakgrunn, som har ambisjon om å starte eller vidareutvikle eigen verksemd i Møre og Romsdal. –I utlysinga har vi utfordra søkarane på å vise kva dei har tenkt å tene pengar på og kven kundane er. Vi har også lagt vekt på grad av nyskaping, seier Carina Stokke, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Det kom inn 29 søknadar, mange svært interessante. Kandidatane som peika seg ut fekk høve til å presentere ideen sin for ein jury, fortel Stokke. I tillegg til fylkeskommunen har juryen bestått av Margot Tvedt frå Innovasjon Norge, Eirik Vaage frå Vestnorsk Filmsenter, Malene Aaram Vike frå hoppid.no, Ante Giskeødegård frå Momentium og Liv-Jorunn Håker Ottersen frå Sunnmørsposten. 

Stipenda vart delt ut under Innovasjonsfestivalen for kreative næringar i Ålesund tysdag 15. November. Les meir om festivalen her

Om stipendmottakarane:

Tendai Makurumbandi er profesjonell dansar og har base i Sunndalsøra. Makurumbandi ønskjer å utvikle det profesjonelle dansemiljøet i fylket og har ein tydeleg plan for både fagleg og forretningsmessig utvikling. Han står bak den internasjonale dansefestivalen In2it og ønskjer å bygge bro mellom profesjoner og nettverk. 

Klaudia Krol er arkitekt og har eit tydeleg og spennande produkt som juryen meiner skil seg ut. Gjennom visualisering, 3D modellering og grafisk design har kandidaten ein utradisjonell tilnærming til faget og vil utvikle eit produkt som i liten grad er tilgjengeleg i Møre og Romsdal. Krol har base på Kunnskapsparken i Ålesund.

Stine Rudi Standal er modist med ein original og frisk idé som juryen har stor tru på. Standal er både kunstnar og handverkarar og no også drivar av eigen butikk. Ho skal lage og selje hattar både som prydplagg og nytteplagg og skal gjenåpne butikken Fru Sigrid Fjørtoft Modes som oldemora dreiv i Ålesund fram til 1998.

Aninaut Studios er eit nystarta animasjonsstudio i Ålesund som har kvalitetar som gjer at firmaet kan utvikle seg til ei ny nisje i lokalmiljøet, med utsikter til ein større marknad. Det er gledeleg at Aninaut Studios ønskjer å etablere seg i fylket, og Sunnmørsposten ser her ein spennande samarbeidspartnar. Etter at fylkeskommunen lyste ut stipenda, annonserte Sunnmørsposten at dei ville tilby gratis kontorplass i eitt år, til ein av dei fire stipendmottakarane. Aninaut Studios vil få tilbod om dette. 

Kommune: