Satsar på dei unge og særprega

Erlend O. Nødtvedt, Foto Hauge-senteret (ev. forlagsfoto Aschehoug).Fotograf: Elias Dalen)
Erlend O. Nødtvedt, Foto Hauge-senteret (ev. forlagsfoto Aschehoug).Fotograf: Elias Dalen)
Olav H. Hauge ved skrivebordet. Fotograf: Odd E. Nerbø.
Olav H. Hauge ved skrivebordet. Fotograf: Odd E. Nerbø.
Nynorsk kultursentrum ønskjer talentfulle kandidatar til Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar 2020. Stipendet, som er på heile 150 000 kroner, går til ei ung diktarrøyst med eit poetisk talent, og gjeld også songlyrikk.

Stipendet blir delt ut under Ulvik poesifestival 11.-13. september 2020, og alle som vil kan fremje forslag om kandidatar til stipendet på nettstaden haugesenteret.no fram til 15. mars.

– Dei fleste litterære prisane går til etablerte forfattarar, og det er få reine lyrikkprisar. Olav H. Hauge-stipendet framhevar dei unge, nye og særprega lyrikarane som held det lyriske språket levande og aktuelt, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk, og som med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet femnar om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.

Det første Olav H. Hauge-stipendet blei tildelt Erlend O. Nødtvedt under Poesifestivalen i 2018. Den unge poeten frå Bergen fekk stipendet for å ha fornya det lyriske språket, samstundes som han løftar fram fleire litterære uttrykk og tradisjonar. – Stipendvinnaren frå 2018 skal framføre eit tingingsverk til årets poesifestival, og vi ser særleg fram til framføringa, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide. 

Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad. Ein fagjury med medlemer frå Norsk Forfattersentrum og Nynorsk kultursentrum vurderer alle framlegga og avgjer kven som får stipendet.  

Olav H. Hauge var oppteken av dei nye lyrikarane i si samtid, og unge forfattarar som skreiv brev til Hauge fekk svar og råd. – Difor er det både rett og naturleg å kalle stipendet opp etter den store diktaren frå Ulvik, avsluttar Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Ulvik poesifestival

  • Blir arrangert i Olav H. Hauge si heimbygd annakvart år
  • Eigd og driven av Nynorsk kultursentrum, avdeling Olav H. Hauge-senteret
  • Fredag 11.– søndag 13. september 2020
  • 4500 gjestar i 2018 med 111 utøvarar fordelt på 37 arrangment
  • Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar blei delt ut for første gong i 2018 under Ulvik poesifestival


Meir informasjon

Dagleg leiar Geir S. Netland, Olav H. Hauge-senteret, 90 03 82 86

Festivalprodusent Jorid Lekve Eide, Olav H. Hauge-senteret / Ulvik poesifestival, 41 04 44 49

Emneord: 
Kommune: