Oddny Vedde Reknes, ny gjesteutstillar på galleri EogE i Fosnavåg.

Alle rettigheter: Oddny Vedde Reknes.
Alle rettigheter: Oddny Vedde Reknes.
Oddny Vedde Reknes bor i Langevåg på Sula. Har målinga som hobby og deler eit atelier i Ålesund med fleire. Opnar laurdag 21.2. 2015 klokka 12:00.
Ho har dei siste somrane deltatt på Midtnordisk Kunstfestival på Inderøya. Der har ho vunne to prisar på fellesutstillinga.  

«Eg liker utfordringa i abstrakte maleri, men naturmaleriet slepp meg aldri!» seier Reknes.

Oddny Vedde Reknes har vore fast utstillar på galleri EogE heilt sida vi opna i 2006, men no altså gjesteutstillar. Kundar som er ute etter dei varme fargetonane fell ofte for maleria til Reknes. Malemåten endrar seg stadig,og er eksperimenterande, men fargepaletten er ofte den same med nokre unntak.

Kunstnaren vil vare tilstede opningsdagen. Alltid kjekt å møte personen bak maleria, høyre kva som inspirerte osv. 

Velkomen.
Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.