Fjord Cadenza vel dansk festivalkunstnar

Festivalmotiv. Alle rettighetar: Jan Toft. Biletkjelde: Fjord Cadenza
Festivalmotiv. Alle rettighetar: Jan Toft. Biletkjelde: Fjord Cadenza
Jette Aaquist og Jan Toft. Foto: Sørensen. Biletkjelde: Fjord Cadenza
Jette Aaquist og Jan Toft. Foto: Sørensen. Biletkjelde: Fjord Cadenza
Danske Jan Toft blir festivalkunstnar for Fjord Cadenza 2013. Toft har ein levande og fargeglad stil som passar Skodje-festivalen.

 

Fjord Cadenza og Lions i Skodje vil presentere Jan Toft gjennom ei utstilling der kunsten hans er til sals og eit av hans motiv vil prege t-skjorter, program og anna materiell for Fjord Cadenza 2013.

Toft sin kunst uttrykkjer glede gjennom fargestrålande kunstverk og går hand i hanske med Fjord Cadenza sin filosofi om å spreie musikalsk glede og inspirasjon.
Jan Toft driv eit galleri i forbindelse med atelieret sitt i Randers i Danmark. Galleriet har namnet GAK, som står for ”Glad Allsidig Kunst”. Denne livsfilosofien og innstillinga til kunsten og livet er grunnen til at Fjord Cadenza har vald å inngå eit samarbeid med den danske kunstnaren. Toft er opptatt av å gjere publikum glade og maleria er prega av friske fargar, positivitet og ein openheit mot verda som Fjord Cadenza kan kjenne seg igjen i.

Fjord Cadenza 2013 finn stad i Skodje 10. –14. august. Tradisjonen tro er det Lionsi Skodje som står for utstillinga med festivalkunstnaren sine arbeid i Jentekolonien. Jan Toft planlegg å ta med seg kona si, Jette Aaquist til Skodje. Ho er glaskunstner og utstillinga vil også innehalde hennar kunst.

Besøk heimesida til Galleri GAK: http://www.jtssupport.dk/
For meir informasjon kontakt:Festivalsjef Per Ståle Knardal, 978 91 882, ps@fjordcadenza.com

Fjord Cadenza fekk ei fantastisk mottaking av publikum, deltakarar og presse då Skodje-festivalen gjorde comeback i 2011 etter fem års pause. Festivalen er bygd opp av konsertar der nasjonale og internasjonale stjerner samarbeider musikalsk med unge talent. Ålesund Orkesterskole og Borg Sangskoleer to av grunnpilarane i festivalen sin kongstanke om ein musikalske møteplass. Fjord Cadenza blei starta av finans-og næringslivsmannen Jens Moe i 1993. Skodjemannenvar busett i USA og fekk ideen om å gje musikktalent eit sommarleg opplæringstilbod i naturskjønne omgivnader heime i Skodje på Sunnmøre. Og deltakarane skulle gje konsertopplevingar tilbake til det lokale publikummet. Det første året var det ikkje fleire deltakarar enn at Jens Moe og kona kunne huse alle saman. 10 år seinare var det blitt til 11 konsertar, fleire hundre deltakarar og 3-4000 i publikum.

www.fjordcadenza.com

Emneord: 
Kommune: