Forskingsdagane i Aasen-tunet

Isslottet. Foto: Per Morten Abrahamsen.
Isslottet. Foto: Per Morten Abrahamsen.
Helga Løvoll. Foto:HIV
Helga Løvoll. Foto:HIV
Bente Afset. Foto:HIV
Bente Afset. Foto:HIV
Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda har lagt fleire av arrangementa sine til Ivar Aasen-tunet. Søndag 20. september kan du sjå operaen Is-slottet som film, og måndag kan du lære meir om «Den gode turen» og «Mat og religion».

 

Hausten 2014 blei operaen over Tarjei Vesaas sin roman Isslottet urframført i Esbjerg og gjekk sidan ein periode ved operahuset der og i København. Ensemblet vitja også to stader i Noreg med framsyninga: Sjøborg i Ulsteinvik og Kilden i Kristiansand. I Ulsteinvik blei framføringa filma av to studentar frå Høgskulen i Volda. Og det er denne filmen som blir vist i Salen i Ivar Aasen-tunet.

Komponisten Magnar Åm innleier, og samtalar i etterkant med publikum kring spørsmålet: Kva plantar kunsten  oss, og kva kan den planten ha å seie i våre daglege liv?

 

 Den gode turen

Helga Synnevåg Løvoll er i avslutningsfasen av eit doktorgradsarbeid med temaet «den gode turen». Ho undersøkjer korleis kjensler påverkar motivasjonen og valga våre. Består det gode av positive kjensler eller gode handlingar?

Nokre turar krev både fysisk innsats og avkall på komfort, slik som det å bli våt og kald. Likevel kan turen bli hugsa som bra i etterkant. Ved å studere emosjonelle dynamikkar kan vi lære meir om kva som skaper førestillingar og minner om den gode turen.

Synnevåg Løvoll er høgskolelektor ved seksjon for Idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Arrangementet er i samarbeid med Friluftsforeninga i Volda og det blir «Måndagstur » i Hovdeåsen etter foredraget.

 

Mat og religion

Å ete saman er i Bibelen eit sterkt symbol på fellesskap, på venskap og på fest.

I foredraget til Bente Afset skal vi sjå på kva mat og måltid har hatt å seie i jødisk og kristen tradisjon. Vi avsluttar med eit enkelt måltid med liturgi for å oppleve noko av det vi har snakka om.  Påmelding til måltidet innan 17. september.

Bente Afset er amanuensis ved institutt for religion, livssyn og etikk ved Høgskulen i Volda. Arrangementet er i samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi.

 

Emneord: 
Kommune: