Kortreiste bøker og julegåver i Aasen-tunet 22. november.

Framside Gull av Gråstein.
Framside Gull av Gråstein.
Elda Høidal. Pressebilete.
Elda Høidal. Pressebilete.
Tone Nørvåg. Pressebilete.
Tone Nørvåg. Pressebilete.
Ingunn Røyset. Pressebilete.
Ingunn Røyset. Pressebilete.
Sunnmørsk næringssoge, politihunden Falk og manglande sjokoladepålegg under krigen er tema for arrangementet Kortreist i Aasen-tunet komande laurdag. – Julehandelen er i gang, og vi utvidar difor opningstidene i tida fram mot jul, fortel tunvert Ingrid Opedal. Denne laurdagen har ho invitert tre lokale forfattarar til prat, sal og signering av aktuelle bøker.

 

Eldar Øyehaug Høidal kjem frå Volda, men bur no i Sykkylven. Denne helga lanserer han boka Gull av gråstein – Næringsliv på Sunnmøre gjennom 250 år. Boka kjem på Selja forlag og tek for seg næringsutviklinga på Sunnmøre frå 1764 til 2014. Det handlar om pågangsmot og framdrift på sjø og på land. Boka femner om alle dei 17 kommunane på Sunnmøre, så her vil mange finne noko dei kjenner att. Forfattaren er historikar ved Sunnmøre Museum og har siste åra skrive ei rekkje bøker om nærings- og samfunnsliv på Sunnmøre.

Tone Nørvåg kjem denne hausten med tredje boka om politihunden Falk, Politihunden Falk på farleg oppdrag. I denne boka må Falk og politikvinna Hanne ta opp kampen mot miljøkriminalitet. Nørvåg bur i Fosnavåg, har vore politi på Sunnmøre i mange år og kjenner dermed stoffet sitt godt. Ho skildrar både politiarbeidet og livet med hund med innsikt og humor, og laurdag får vi høyre meir om kvifor ho valde å bli barnebokforfattar.

Ingunn Røyset kjem frå Hareid, bur på Flø, og gjev i haust ut den andre boka si, Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Dette er ein barneroman der ei jente frå vår tid blir sendt på ei spennande tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945. Bok er skriven for born i alderen 9-12 år, og vender seg soleis til ei litt eldre målgruppe enn debutboka Prins Storm frå 2012. I Aasen-tunet laurdag får vi høyre om begge bøkene.  

I tillegg til at butikken er open, vert det  høve til å kjøpe kaker, kaffi og smårettar i kafeen, fortel Opedal.

 

 

For meir informasjon:

Tunvert Ingrid Opedal tlf. 907 80 534

Emneord: 
Kommune: