Søk støtte til felles arbeidsverkstad for profesjonelle kunstnarar

Illustrasjonsfoto. Foto: iStock.
Illustrasjonsfoto. Foto: iStock.
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer store og små prosjekt til å søke støtte til etablering eller vidareutvikling av felles arbeidsverkstad for profesjonelle kunstnarar i Møre og Romsdal. Samla ramme er 1,5 mill. kroner som skal fordelast på aktuelle prosjekt.

 

Søknadsfrist: 18. mai 2016.

Formålet med utlysinga er å styrke grunnlaget for profesjonelle kunstnarar i Møre og Romsdal til å produsere samtidskunst. Felles arbeidsverkstad aukar moglegheitene for kompetansedeling, fagleg utvikling og auka tilgang til kontaktnett og marknad. Prosjektet er to-årig.

Grad av profesjonalitet vil bli vurdert etter følgande indikatorar:

  • Kunstutdanning på høgskolenivå eller høgare
  • Medlemskap i kunstnarorganisasjon
  • Deltaking på offentlege og juryerte utstillingar
  • Innkjøp til museum eller innkjøp gjennom anna offentleg innkjøpsordning
  • Offentleg utsmykkingsoppdrag
  • Har tidlegare mottatt offentleg arbeidsstøtte eller kunstnarstipend

Kven kan søke?

  • Profesjonelle kunstnarar som har sitt daglege virke som kunstnar i Møre og Romsdal (merk: prosjektleiar treng ikkje sjølv vere kunstnar)
  • Etablerte atelierfellesskap for profesjonelle kunstnarar i Møre og Romsdal som ønskjer å vidareutvikle desse

Krav til prosjektet:

  • Arbeidsverkstaden må ha minimum tre faste plassar og moglegheit for opne plassar
  • Arbeidsverkstaden/prosjektet må vere organisert gjennom eit kollektivt styrande organ (aksjeselskap eller foreining med vedtekter) med ansvarleg prosjektleiar

Krav til søknaden:

Søknaden må innehalde CV til kunstnarane som skal inngå i prosjektet. Det må argumenterast for korleis ein har tenkt å oppfylle formålet med utlysinga. Både praktiske og kunstnariske val skal grunngjevast.

Kva kan det søkast støtte til?

  • Husleige og driftsutgifter som strøm, reinhald, lys, forsikring etc. i inntil to år
  • Prosjektleiing
  • Marknadsføring av opne arbeidsplassar
  • Max 10 prosent av dei totale kostnadane kan gå til oppussing av lokalet
  • Ein vil ikkje kunne søke om midlar til større investeringar i lokale eller utstyr, men vi gjer merksam på Kulturrådet si støtteordning «utstyrsstøtte til fellesverksteder»

I tråd med regelverket for offentleg tilskot, kan fylkeskommunen dekke inntil 50 prosent av totale kostnadar innafor kvart prosjekt. Søkar må dokumentere finansiering av resterande 50 prosent. Eigenfinansiering kan vere eigne pengar eller arbeidstimar. Timar kan prisast til inntil 600 kr/t.

Tilskot blir utbetalt etter at vi har fått dokumentasjon på faktiske utgifter.

Søknaden skal sendast elektronisk. Gå inn på www.regionalforvaltning.no. Støtteordninga heiter "Felles arbeidsverkstad for profesjonelle kunstnarar"

Emneord: 
Kommune: