Diktartavla 2020 til Hilde Myklebust

Hilde Myklebust, Foto: Ingvil Skeie Ljones.
Hilde Myklebust, Foto: Ingvil Skeie Ljones.
Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Hilde Myklebust med Diktartavla. Når Myklebust får si diktartavle på Diktarstien på Utne 12. september, går ho inn i rekkja av viktige poetar i vår tid. Etter at Olav H. Hauge vart tildelt prisen i 1993, har sentrale norske lyrikarar kvart år blitt heidra på Diktarstien ved Hardangerfjorden.

Hilde Myklebust debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005, og har sidan gitt ut tre diktbøker. Den siste Kvar ein fugl, kom i 2018. Ho har også skrive fleire barnebøker i samarbeid med illustratørar. – Myklebust har markert seg gjennom ein utprega lyrisk forfattarskap i stadig utvikling. Vi er med glade for å gi Diktartavla 2020 til ein ung og markant poet med ei særeigen poetisk røyst, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Hauge-senteret.

 

Naturen og menneska

I Hilde Myklebust si diktverd finn ein utprega varleik til omgivnader og naturteikn, og eit sterkt omsyn til både dyr og menneske. Under det heile ligg ei uro og eit medvit om ei kald og hard røynd, i løpet av få skriftteikn og linjer kan hendingar skje og stemningar snu. – Slik viser diktinga til Myklebust ei haldning, ei lytting, og ein respekt for naturen og alt som lever, seier konservator Stein Arnold Hevrøy ved Hauge-senteret.

 

Diktarstien på Hardanger folkemuseum

Diktardagen er eit årleg arrangement der ein norsk lyrikar blir heidra med ei inngravert diktartavle med eit utvald sitat av vinnaren. Prisen er eit samarbeid mellom Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret. Av tidlegare prisvinnarar finn ein markante poetar som Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid. –  Diktarstien formar no ein lyrisk hellegang med heile 28 dikttavler som prydar det vakre museumstunet her på Utne, avsluttar styrar Agnete Sivertsen.

 

Priskriterium ligg ved. Sjå også vedlagt oversyn over tidlegare prisvinnarar av Diktartavla.

Diktartavla

Prisen Diktartavla heidrar ein markant norsk forfattarskap. Forfattaren må ha utmerka seg særskilt innanfor lyrikk. Diktardagen skal også fremja positiv merksemd om norsk lyrikk.

Kriterium

Prisen skal gå til ein norskspråkleg nolevande forfattar som har gjeve ut minst to eigne diktsamlingar. Prisen vert gjeven for heile forfattarskapen. Det skal ha gått minst ti år sidan forfattaren bokdebuterte, men debuten treng ikkje å ha vore ei diktsamling. Over tid skal prisen fordelast jamt mellom nynorsk og bokmål.

 

Diktarstien slynger seg som eit kunstverk mellom husa i museumstunet. Steintavlene inneheld dikt, strofer og sitat frå mange av våre mest omtykte diktarar.

Den fyrste dikttavla var lagt ned alt i 1992, men dagen vart offisielt innstifta i høve Olav H. hauge sin 85 årsdag i 1993. Diktarhovdingen frå Ulvik var sjølv med å ta initiativet til Diktarstien. Desse er representert:

  • Tone Hødnebø (2019)
  • Einar Økland (2018)
  • Øyvind Rimbereid (2017)
  • Hanne Bramness (2016)
  • Kjartan Hatløy (2015)
  • Cecilie Løveid (2014)
  • Arvid Torgeir Lie (2013)
  • Ellen Einan (2012)
  • Maria Parr (2011)
  • Pedro Carmona Alvarez (2010)
  • Ivar Aasen (2009)
  • Eldrid Lunden (2008)
  • Kolbein Falkeid (2007)
  • Ole Paus (2006)
  • Jakob Sande (2005)
  • Jon Fosse (2004)
  • Åslaug Vaa (2003)
  • Anne B. Ragde (2002)
  • Rune Belsvik (2001)
  • Frode Grytten (2000)
  • Ragnar Hovland (1999)
  • Kjartan Fløgstad (1998)
  • Georg Johannesen (1997)
  • Halldis Moren Vesaas (1996)
  • Jan Erik Vold (1995)
  • Robert Bly (1994)
  • Olav H. Hauge (1993)
  • Terje Johanssen (1992)


Alle steintavlene er utforma av biletkunstnar og rektor ved kunsthøgskulen i Oslo, Cecilie Brock Knutsen.

Emneord: 
Kommune: