Heilt ny sommarframsyning med Lurivar

Tunkatten Lurivar blir spelt av Ingrid Krogsæter i sommar. Foto: Aasen-tunet, Ragnhild Vikestrand.
Tunkatten Lurivar blir spelt av Ingrid Krogsæter i sommar. Foto: Aasen-tunet, Ragnhild Vikestrand.
Tunkatten Lurivar har oppdaga ei tidsmaskin i Ivar Aasen-tunet, som gjer at han kan ta med borna tilbake til den tida då Ivar Aasen levde.

Lurivar er både tunkatt og ordspion i Ivar Aasen-tunet. Han elskar glitrefine ord, og dei aller raraste, merkelegaste og finaste orda får han frå born. ­– Kvar tysdag og fredag i heile sommar tek Lurivar med born i alle aldrar på ei annleis reise gjennom utstillinga, fortel formidlar Liv Astrid Skåre Langnes, som har skrive manuset til den nye framsyninga. Lurivar og tidsreisa høver for born frå fire år og oppover.

 

Sjølv om Lurivar i eigen person berre er til stades i Aasen-tunet to dagar i veka, er det alltid eit høve til å møte tunkatten på nært hald i Verdas minste kinosal. I språkverkstaden er det mykje å gjere på eiga hand, åleine eller saman med vener og vaksne. I eit eigenutvikla dikthjul kan du leike fram eigne dikt, spele dialektspel eller leggje deg ei stund på hemsen til Lurivar og høyre på forteljingar eller songar.

 

Plantesamlarløype og utebibliotek

Utebiblioteket på Høgetua er ope og det er laga ei eiga plantesamlarløype på vegen opp, i samband med Friluftsåret. Ivar Aasen var ein ivrig plantesamlar og no kan borna lære meir om plantene som veks i Åsen. Ein del av plantene finn ein også i herbariet til Ivar Aasen inne i utstillinga. Vil du utforske meir av vakre Hovdeåsen, kan du hente med deg eit enkelt og leikent kart i kafeen. – Utebiblioteket har eit godt utval i nynorske barnebøker og kan vere ein fin måte for dei vaksne å orientere seg om kva som er nytt i den nynorske barnebokverda, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Borna finn heilt sikkert ei bok dei synest er spennande i utvalet til Lurivar, som har tenkt både på dei eldste og dei yngste.  

 

Ope kvar dag

Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar og kafeen serverer enkle smårettar, pannekaker og is. I butikken finn du fleire Lurivar-produkt, mellom anna eit lite skrin med teikneblokk og blyantar, særs godt eigna å ta med på tur.

Emneord: 
Kommune: