Trebaatfestivalen i Ulsteinvik opna i går for 6. år på rad.

Pressefoto: Trebaatfestivalen
Pressefoto: Trebaatfestivalen
66 båtar er alt påmelde, og 8 kystlag.

15 av desse er frå Herøy. Det er Indre Herøy som er best representert, med 10 båtar, medan det er fem båtar frå Ytre Herøy.
Trebåtane er hovudattraksjonen, men det er tettpakka med høgdepunkt, og fullt køyr med aktivitetar for store og små gjennom heile helga.

Trebaatfestivalen er det største arrangementet i Ulstein kommune, og i år har dei hatt forholdsvis god tid. Heile 32 kom til møtet for frivillige medhjelparar, og fleire har kome til etterkvart.

Presseansvarleg, Tom Henrik Muggerud fortel at arrangørane hadde mange kjekke frivillige til å hjelpe seg med opprigginga onsdag kveld. Talet på frivillige er noko dei er svært stolte av. Utan hjelpa frå dei frivillige og all støtta frå forskjellige bedrifter ville dei ikkje klare ein så stor festival.

Kjelde: Herøynytt

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.