Søk støtte til Artist-in-residence Møre og Romsdal

Bilde frå eit Artist-in-residence prosjekt i Hyde Park. Foto: Mark Moaghan flickr.com
Bilde frå eit Artist-in-residence prosjekt i Hyde Park. Foto: Mark Moaghan flickr.com
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut prosjektstøtte til aktørar som vil utvikle Artist-in-residence ordning for Møre og Romsdal. Prosjektet skal vere toårig, og det kan søkast om støtte på inntil kr 150 000. Søknadsfrist: 9. oktober.

Vi ønskjer å stimulere til vidareutvikling av det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal, og auke attraktiviteten til fylket som bo- og arbeidsstad for profesjonelle kunstnarar. Derfor lyser vi no ut midlar til utvikling av Artist-in-residence ordning i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Profesjonelle kunstnarar, arrangørar eller andre aktørar som har kunstnarresidensar som ein del av verksemda si, eller som ønskjer å utvikle slike. Søkar må ha organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra og må drive aktivitet i Møre og Romsdal.

Kva inneber ordninga?

Artist-in-residence i Møre og Romsdal inneber å tilby gratis arbeidsplass og bustad til minimum seks profesjonelle kunstnarar i løpet av prosjektperioden (2 år). Residensen skal vere open for nasjonale eller internasjonale kunstnarar frå alle felt: visuell kunst, forfattarar, kunsthandtverkarar, filmprodusentar, filmregissørar, dansarar, koreografar, scenekunstnararar, performance-artistar, komponistar, musikararar, kuratorar, lyd- og nye media-artistar. Søkar må i søknaden gjere greie for korleis ordninga skal byggast opp, organiserast og kva kriterium søkar legg til grunn for utveljing av kunstnarar til opphaldet.

Økonomi

Prosjektet kan ha ei kostnadsramme på maks kr. 300 000. I tråd med reglane for offentleg støtte, kan Møre og Romsdal fylkeskommune dekke inntil 50 prosent av kostnadane, altså inntil kr. 150 000. Søkar må dokumentere finansiering av resterande 50 prosent. Eigenfinansiering kan vere pengar eller arbeidstimar.

Kva kan inngå i kostnadsramma?

Kostnadar som husleige og driftsutgifter til straum, lys, reinhald kan inngå i kostnadsramma. Det kan også marknadsføring og prosjektleiing.

Søknadsskjema og detaljert utlysingstekst finn du på nettstaden regionalforvaltning.no. Ordninga heiter Artist-in-residence Møre og Romsdal. Søkandsfrist 9. oktober 2016.

 

 

 

 

Kommune: