Festkveld med BokkeReidars og Side Brok

BokkeReidars. Foto: Johan Vipper. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
BokkeReidars. Foto: Johan Vipper. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Side Brok. Foto: Tord Lejon. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Side Brok. Foto: Tord Lejon. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Det er duka for det beste Sunnmøre har å by på av både blues og rapp når BokkeReidars Blues Band tek med seg Sjef R og Skatebård til Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet torsdag 13. juni under Dei nynorske festspela.

– Det har vore stas å samarbeide med Side Brok tidlegare, og vi gler oss stort til å ta dei med til Ivar Aasen-tunet, seier Svein Hunnes i BokkeReidars Blues Band.

BokkeReidars Blues Band er Noregs lengstlevande bluesband som framleis er aktive, i følgje Knut Reiersrud. Dei har samarbeidd med alt frå Hungry John, Rita Eriksen, Olav Stedje, Vidar Busk, Palle Wagnberg, Beate Slettevoll Lech til Hovden og Ørsta Skulekorps og Side Brok. Gjennom mange år har gruppa spelt på ei rekkje blues- og jazzfestivalar, og gitt ut fire plater. Denne hausten hadde dei også klubbjobbar i New York, i samband med 35-årsjubileet sitt.

Runar Gudnason i Side Brok meiner dei to gruppene har mykje til felles.

– Rapp høyrer heime på det same treet som blues, berre litt lenger oppe på stammen. BokkeReidars og Side Brok har òg det til felles at vi likar musikk med humor, humør og høgt tempo. Denne kvelden er det fare for fest i Uteamfiet!

Sidan dei tok til i 2000 har Side Brok gitt ut fire plater. Då debutplata «Høge Brelle» kom i 2004 vart dei kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum og Årets Urørt av P3. Dei fekk VG sin pris for beste liveband og vann to prisar under by:larm. Siste åra har dei fått mykje merksemd for utgivingane med Sirkel Sag.

– BokkeReidars Blues Band og Side Brok er ein strålande kombinasjon som vi ser fram til å gi festspelpublikumet, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet.

Dei nynorske festspela blir arrangert 13.–16. juni 2019 i Ørsta og Volda, med Carl Frode Tiller som festspeldiktar og Forteljingar som tema. Festspelpass og billettar til konsertane med Mari Boine og Sigvart Dagsland er også lagde ut for sal.


Emneord: 
Kommune: