Bokbåten Epos invitere barn og unge om bord

Bokbåten Epos. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Bokbåten Epos. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kvar finn vi Bolletjuven? Skodespelar Astrid E. Sæterøy har svaret. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kvar finn vi Bolletjuven? Skodespelar Astrid E. Sæterøy har svaret. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
I januar legg Bokbåten Epos ut på tur nummer 102 i Møre og Romsdal. Totalt 71 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. – Vi har kulturprogram på dei fleste stoppa, som passar for barnehagebarn, litt større skolebarn og familiar, sier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

Stoppestadane sør for Ålesund får besøk i tida 24. januar til 1. februar. Deretter drar båten til stoppestadane nord for Ålesund,  i tida 2. februar til 16. februar. Når kjem båten dit du bor? Heile ruta til Epos finn du på bokbaten.no

Nye bøker og temasekk

– Mange nye bøker er kjøpt inn, og vi har med oss Temasekken Steinalder. Denne er  heilt ny! I tillegg har vi med Temasekken Samane, Temasekken Småkryp og  Stjernesekkane, fortel Koch.  Sekkane  passar for elevar på 1.-4. trinn og kan lånast av lærarar til bruk i undervisning. Om bord finn du også boksekkar til formidling i barnehagar.

Korleis ser ein bolletjuv ut?

På sørturen er det skodespelar Astrid Elise Sæterøy, med «Bolletjuven og andre eventyr» som står for kulturprogrammet. Kvar finn ein Bolletjuven? Korleis ser han ut? Kan ein golvmopp bli ein prins? Desse spørsmåla, og mykje anna, får borna svar på i løpet av ein leiken halvtime med Astrid.

Forteling på bestilling

På stoppestadane nord for Ålesund tek Torunn Tusj oss med på ei interaktiv forteljarstund, «Hvem vet hva det blir – en fortelling på bestilling», der publikum er med på å bestemme handlinga. – Med hjelp av enkle verkemiddel får Torunn med seg både born og vaksne på moroa, seier Koch. Blir det ei historie om ei prinsesse eller ein lama? Kanskje kjem sjølvaste Batman på besøk? Den som kjem om bord får sjå! 

Bokbåten Epos ønsker både vaksne og barn i alle aldrar velkomne om bord!

For meir informasjon, sjå www.bokbaten.no

 

 

Emneord: 
Kommune: