Kulturtorget 2017: Frå opera til jazz

«Gorm er en snill orm» – forfattarmøte med Camilla Kuhn. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
«Gorm er en snill orm» – forfattarmøte med Camilla Kuhn. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Anette Munch. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Anette Munch. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kulturtorget 2017 blir arrangert i Molde, tysdag 24. – torsdag 26. januar. Det blir tre innhaldsrike dagar med kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst.

Kulturtorget er den viktigaste møte- og visningsarenaen for Kultursekken. Kulturopplevingane er tilrettelagde for barnehage, alle klassetrinn i grunnskole og vidaregåande skole.

Variert program

– Målgruppe og deltakarar er lærarar, kunstnarar, skole- og kulturarbeidarar i kommunane, elevar, bibliotekarar, museumsarbeidarar med fleire, seier konstituert seksjonsleiar Hanne Brakstad. Brakstad fortel at 24. januar er det klart for ein heil dag med barnehagetorg. Her blir produksjonar tilpassa den minste målgruppa presentert, og det heile opnar med Mr. Ping, ei førestilling med pingvinen Mr. Ping i hovudrolla.

Jazz og opera

Onsdag 25.januar er det felles opning for  grunnskole og vidaregåande med gruppa Rohey frå Trondheim. Grunnskoledeltakarane kan glede seg til forfattarmøte med Camilla Kuhn og Barneteatret vårt si førestilling, ”Romkadettane”. Dette er den einaste gongen vaksne får sjå denne forstillinga.

Deltakarar frå vidaregåande skole møter mellom anna forfattar Anette Munch og Son of Light i ”Blake, Bjerke, Bjørnson og beatsa”. Han påstår at dei første rapparane var dei klassiske poetane. Dei får også delta på ei premiere med «Remember Me - Ein sopran og ti strengar», med den lokale operasongaren Beate Mordal som solist.

Kjent gjennom reklame

–Tysdag kveld er alle deltakarar velkomne til felles konsert med No. 4. Dette er ein trio frå Oslo, som består av Emilie Christensen, Ingeborg Marie Mohn og Julia Witek, fortel Brakstad.  Dei vart kjent i 2014 med sangen “Lite og stort”, ein reklamesang for flyreiser.

Når startar det?

Både barnehagetorget og kulturtorget blir opna av leiar for kultur- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter. Barnehagetorget startar kl. 10.30 med Mr. Ping, og Kulturtorget kl. 10. 30 onsdag med konsert med Rohey i Bjørnsonsalen.

Du finn meir om programmet i menyen på høgre side og  på facebooksida til kultursekken: https://www.facebook.com/events/1163129487114410/?active_tab=discussion

Emneord: 
Kommune: