Vil gå inn med 1 million i Nordic Light

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Måndag 25. januar skal fylkesutvalet avgjere om fylkeskommune skal støtte fotofestivalen Nordic Light. I innstillinga som fylkesutvalet skal behandle, er det foreslått at fylkeskommunen skal utvide aksjekapitalen med totalt 1 million kroner.

Nordic Light har etablert seg som ein fotofestival med eit tydeleg omdømme, nasjonalt og internasjonalt. Festivalen er ein viktig del av det samla kulturtilbodet både i Kristiansund og på Nordmøre.

Sikre vidare drift og utvikling

Festivalen har hatt økonomiske utfordringar i ein periode. No har styret i festivalen signalisert at det er behov for å tilpasse drifta og sett i verk omstillings- og utviklingsprosessar. Møre og Romsdal fylkeskommune er positiv til å bidra til dette, med at dei no går inn for å auke aksjekapitalen. Det er ein føresetnad at også andre aksjonærar bidreg i aksjekapitalutvidinga, totalt 2-2,5 millionar kroner.

–Økonomisk tilskot vil sikre vidare drift og utvikling av Nordic Light som festival og heilårs kulturtilbod, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt engasjement i Nordic Light er i dag avgrensa til eit årleg driftstilskot på 380 000 kroner. – I tillegg er Nordic Light med i det 2-årig prosjektet «Frå gråpapir til galleri», som er ein del av fylkeskommunen sin programsatsing på kreative næringar, avsluttar Wedlog Olsen.

Her kan du lese heile saksframlegget

Emneord: 
Kommune: