Nært møte med Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage. Fotograf: Hans Jørgen Brun.
Lars Amund Vaage har skrive ein modig og djupt personleg roman om å leve med ei dotter med autisme. Onsdag 27. februar kjem han til Ivar Aasen-tunet for å lese frå romanen Syngja som blei tildelt den prestisjetunge Brageprisen for 2012.

 

Syngja er ein roman utanom det vanlege, vakker og tankevekkande, naken og open. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje let seg forstå. I Aasen-tunet vil Lars Amund Vaage både lese frå romanen og fortelje meir om korleis det er å skrive ei slik bok, i samtale med Jan Inge Sørbø.

Det er sjeldan ein norsk roman blir motteken av både kritikarar og lesarar med så opne armar. Det viser at Lars Amund Vaage har treft ein streng som rører breitt. – Det er sårt. Og vondt. Og trist. Men også vakkert. Beint fram klokt, skriv Gerd Elin Stava Sandve i Dagsavisen. – Syngja er ikkje noka klassisk feelgoodforteljing kor alt endar vel og miraklet skjer. Men det er nett dette som er det oppløftande. Glimta som likevel finst der, trass alt. Orda si evne til å bygga bru mellom menneske. Klokskapen tida gir. Kjærleikens kraft også i møtet med det uperfekte.

Hovudpersonen i Syngja kan ikkje lese, ikkje skrive og ikkje snakke. Det er berre nokre få ord ho kan seie, og synge er eitt av dei. Songen er difor ein viktig tråd i romanen. På arrangementet i Aasen-tunet vil vi òg få høyre song av musikkstudent Victoria Johansen Kvalsund til tonefølgje av Kari Aske Osnes.

Vaage set på mange vis ord på det unemnelege. Som Ellen Sofie Lauritsen i Dagbladet skreiv i si bokmelding: – «Syngja» er også en påminnelse om hvorfor vi trenger skjønnlitteraturen. Vi kan google oss fram til diagnoser, lese rapporter og fagbøker, men bare forfatteren kan åpne opp språket og lete seg fram til de orda vi ikke finner.

Emneord: 
Kommune: