Hjarteleg velkomne til Dei nynorske festspela 13.–16. juni 2019

Dei nynorske festspela. Foto: Design: Thomas Lewe
Dei nynorske festspela. Foto: Design: Thomas Lewe
Om ein månad opnar Dei nynorske festspela med Carl Frode Tiller som festspeldiktar og «Forteljingar» som tema. 13.–16. juni ventar fire dagar og om lag førti arrangement med litteratur, musikk, samtalar, foredrag og utstillingar i Ivar Aasen-tunet og rundt omkring i vertskommunane Ørsta og Volda.

Kristin Fridtun held opningstalen og stemnetalen er ved Maria Parr. Førsteamanuensis Eli Bjørhusdal held Ivar Aasen-minneforedraget «Sogeskriving og modermord». På konsertlista står mellom andre Mari Boine, Sigvart Dagsland og BokkeReidars Blues Band med Side Brok. Festspeldiktar Carl Frode Tiller er i litterært selskap med mellom andre Ruth Lillegraven, Susanne Skogstad, Anna Kleiva, Tore Kvæven, Vegard Markhus og Kjartan Fløgstad. I år blir det delt ut prisar for Årets nynorskbrukar og Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.


Emneord: 
Kommune: