Topp-Orkester til Fjord Cadenza

Kaunas City Symphony Orchestra. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Kaunas City Symphony Orchestra. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Det kjende Kaunas City Symphony Orchestra vil vitje Sunnmøre og utgjere grunnstamma i årets Fjord Cadenza orkester. Dette er eit heilprofesjonelt orkester frå Litauen som har hausta stor internasjonal merksemd. Vi er svært stolte av å kunne ønskje Kaunas-orkesteret velkomne til årets festival. Dette dannar ei solid musikalsk plattform for årets festival og vi kan garantere for mange flotte musikkopplevingar under festivalen, seier styreleiar i Fjord Cadenza Hallgeir Øvrebust.

Kaunas City Symphony Orchestra gjev konsertar både i inn- og utland. Dei er mellom anna svært så kjende i land som Latvia, Estland, Sveits, Tyskland, Finland og Italia. Her opptrer dei ofte på internasjonale festivalar, deltek på konsertprosjekt og gir tematiske konsertar. Mange berømte nasjonale og internasjonale solistar og dirigentar har samarbeidd med orkesteret.

 

Mektig

Rune Bergmann som er kunstnarisk leiar for Fjord Cadenza, har nyleg vitja Kaunas City Orchestra i Litauen og er full av beundring.

- Dette vert enormt. Det tok ikkje mange minutta under første prøve med orkesteret før eg forsto at dette vil bli fantastiske konsertar, fortel Bergmann. Dei spelar på eit nivå som eg sjeldan høyrer, seier en entusiastisk Bergmann.

Medverkar på fleire konsertar

Under årets Fjord Cadenza kan ein få høve til høyre orkesteret ved fleire anledningar. Dei vert mellom anna å høyre under opningskonserten der Hilde Louise Asbjørnsen vert konferansier. Her skal Kaunas-orkesteret mellom anna akkompagnere den unge talentfulle fiolin-solisten Laurens Weinhold. Weinhold var vinnar av den nasjonale solistkonkurransen under Fjord Cadenza i 2014, og har i ettertid samarbeidd med Kaunas-orkesteret.

Vi får og høyre orkesteret i Ellingsøy Kyrkje der det vert invitert til konsert med «Klassiske perler». Her vil ein kunne høyre mykje iøyrefallande musikk som vert presentert av orkesteret saman med solistar som Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen.

Orkesteret vil vidare medverke på Avslutningskonserten før dei reiser vidare. På denne konserten vil dei m.a. presentere eit nytt bestillingsverk som er skreve av årets festivalkomponist Jan Magne Førde. Vi vil og få høyre Hilde Louise Asbjørnsen utfalde seg i «Hilde Louise in Symphony».

Vi håper at sunnmøringane set pris på det flotte programmet  og vitjar Fjord Cadenza, 6.-9. august. Alt ligg til rette for ein flott festival der musikkopplevingane vil stå i kø, avsluttar styreleiar Hallgeir Øvrebust.

Kommune: