Allkunne fem år!

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, ansvarleg redaktør og Stina Aasen Lødemel, redaksjonssekretær i Allkunne. Foto: Gaute Øvereng/Allkunne.
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, ansvarleg redaktør og Stina Aasen Lødemel, redaksjonssekretær i Allkunne. Foto: Gaute Øvereng/Allkunne.
Det digitale, nynorske oppslagsverket www.allkunne.no feirar fem år 20.august. Dagen vert markert med nylansering av nettstad saman med over 170 gjestar frå Volda vidaregåande skule.

- Allkunne vil markere bursdagen saman med dei viktigaste brukarane våre: elevar som jaktar på digital kunnskap, seier dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Allkunne har sidan 2009 publisert kvalitetssikra faktaartiklar på nynorsk. I 2013 runda www.allkunne.no ti tusen artiklar. No vert nettstaden meir brukarvenleg og får menyar. Det gjer det lettare å finne fram på www.allkunne.no

- Allkunne er i ferd med og vekse seg stor. Vi opnar i dag eiga temaside for stortingsvalet, med artiklar om alle politiske parti, partileiarar og viktige omgrep knytt til valkampen. Det kan vere vanskeleg for veljarane å finne nøytral informasjon, særleg på internett og i alle fall på nynorsk, seier Rotevatn.

Det er redaktør for www.framtida.no, Svein Olav Langåker som skal opne nye Allkunne. Det skjer på Volda vidaregåande skule tysdag 20.8.13 klokka 10. Fleire enn 170 elevar er inviterte og etter opninga vert det kaker.

- Det er for lite nynorsk på internett. Allkunne sitt samfunnsoppdrag er å gje lesarane artiklar skrivne av fagfolk på god nynorsk, seier Rotevatn

Allkunne er eig aksjeselskap, som er eigd av Nynorsk kultursentrum. Allkunne mottek støtte over statsbudsjettet. Allkunne er gratis å bruke, og nettstaden er utan reklame. I fjor lanserte Allkunne gratis applikasjon for smarttelefonar og iPhone, som har vorte populære.

- Framtida er kvalitetssikra kunnskap rett i lomma, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Meir informasjon:
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, 90 84 39 77
www.allkunne.no

www.facebook.com/allkunne
Twitter: @allkunne

Emneord: 
Kommune: