2012 vart eit rekordår for Allkunne!

Aldri før har det vore publisert fleire artiklar på www.allkunne.no. Allkunne passerer 8300 artiklar i 2012. I tillegg til ein høg produksjon av originalskrivne artiklar frå forfattarane våre har vi har publisert artiklar i ei rekkje fagkodar frå det omsette materialet.

Fagkonsulentar, språkvaskarar og omsetjarar har arbeidd med artiklar om mellom anna Islandsk, færøysk og norrøn litteratur, filosofi, om geografi, oseanografi, psykiatri, terapeutiske metodar, zoologi, om solsystemet, romfart, om privatrett og strafferett, forvaltningsrett, virvellause dyr, fiskar, fuglar, religion, om kristendom, den norske kyrkja, kyrkjelege festdagar, norsk politikk, amerikansk politikk, norske institusjonar og bedrifter, fysikk, astronomi, amfibium, militæromgrep og dekkfrøa planter.  Sosiale media2012 var året då Allkunne tok eit stort steg mot å verte eit allment oppslagsverk.

Det ser lesarane av Allkunne ut til å setje pris på. Her eit sitat frå Per Roger Sandvik frå Twitter: ‏«@SvevePer Nynorsk oppslagsverk? Til meir eg brukar det, til meir brukar eg det: @Allkunne! http://www.allkunne.no/default.aspx»

Allkunne er Noregs største digitale oppslagsverk – om ein reknar følgjarar på Twitter. No har Allkunne fleire enn 1100 som følgjer: Gjer det du og: @allkunne
Har du ikkje konto, får du det på www.twitter.com Lik Allkunne på Facebook: www.facebook.com/allkunne   

 

Mobilapplikasjonar

I vår lanserte Allkunne eigne applikasjonar for smarttelefonar. Det er gratis å laste ned appen vår frå GooglePlay eller AppStore, og det har mange gjort. Stadig fleire brukar Allkunne på mobilen, anten via appane eller via vår mobiltilpassa side.

 

Eigar og nytt styre

2012 var også året då Nynorsk kultursentrum vart eineeigar av Allkunne AS, og Allkunne fekk nytt styre. Nynorsk kultursentrum tok over aksjane frå Samlaget i juni. Ny styreleiar for Allkunne AS er Reidar Sandal. Administrasjonen i Allkunne er glad for denne løysinga og takkar Samlaget for arbeidet dei har lagt ned og ikkje minst samarbeidet med dei tilsette i forlaget. Allkunne kjem til å samarbeide med Samlaget også framover.

Allkunne AS drøfta grundig strategien for vidare satsing og heldt undervegs i den prosessen nær kontakt med Kulturdepartementet, som har vist stor tillit til arbeidet. Styret vedtok i september ein ambisiøs handlingsplan for tida fram til vinteren 2014.

Redaksjon og administrasjon

I 2013 går ein ny redaksjonen i Allkunne i gang med arbeidet sitt. Redaksjonen vart oppnemnd av styret i haust og er samansett av: Ottar Grepstad (hovudredaktør), Kjerstin Gjengedal, Vibeke Lauritsen, Silje Een de Amoriza (ny) og Svein Tuastad (ny). Vi ynskjer redaksjonen velkomen!  Stina Aasen Lødemel er no tilsett i fast stilling som redaksjonssekretær. Stina har arbeidd i Allkunne sidan 2009 og vi er veldig glad for at ho no har fått fast stilling!

 

Inn i 2013

Det første svaret er ikkje nødvendigvis det beste. I ei tid der alt flyt i det digitale landskapet, kan det vere vanskeleg å vite kva ein kan stole på. Særleg er det vanskeleg for nynorskbrukarane å finne stoff som er kvalitetssikra fagleg og språkfagleg. Dette er Allkunne sitt samfunnsoppdrag.

Emneord: 
Kommune: