550 000 i tilskot profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar

Barneførestillinga "Den mekaniske hagen", har fått 80 000 kroner i støtte. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Barneførestillinga "Den mekaniske hagen", har fått 80 000 kroner i støtte. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Trine Røssvod, Undergang, har fått støtte. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Trine Røssvod, Undergang, har fått støtte. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Prosjektet deling har fått 100 000 kroner i støtte. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Prosjektet deling har fått 100 000 kroner i støtte. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Søknadsmassen og det høge nivået på søknadane viser at det er godt tilfang på profesjonelle utøvarar med høge ambisjonar i fylket vårt, og at det er mange unge, profesjonelle utøvarar som ønskjer å produsere nyskapande kunst- og kulturproduksjonar, seier konstituert seksjonsleiar Hanne Brakstad ved kulturavdelinga.

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2016 lyst ut tilskot til profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar for å stimulere til auka kulturproduksjon innan alle kunstartar. No er desse midlane fordelt.

Produksjonar retta mot barn og unge

-Vi mottok 26 gode søknader frå profesjonelle aktørar i Møre og Romsdal, og det er svært gledeleg at så mange ønsker å produsere kunst- og kulturprosjekt av høg kunstnarleg kvalitet i fylket vårt, seier Brakstad.

Ho fortel at det er krevjande å måtte prioritere mellom så mange gode søkjarar. – I år valde vi å prioritere søkjarar som hadde fokus på nyskapande produksjonar retta mot barn og unge. I tillegg vart det blant anna vektlagt at produksjonen blir tilgjengeleg for flest mogleg i fylket, og det er variasjon innanfor kunstartane, avsluttar Brakstad.

Følgande prosjekt har fått tilskot: 

Namn:Type:KommuneTilskot:
DelingVisuell kunstSmøla, Surnadal og Ålesund100 000,-
Den mekaniske hagenBarneførestilling 80 000,-
Draum om SpelKunstpedagogikkÅlesund80 000,-
Møre og Romsdal Kunstsenter/ MomentiumUtandørs skulptur/ installasjonskunstGiske20 000,-
Møre og Romsdal kunstnarsenterInstallasjon og konseptuell kunstMolde50 000,-
BEVARE Hildur Dansekompaniworkshops for barn og unge                                                                                                                                   70 000,-
Følelser, Ole Andreas Starheim SilsethScenekunst  100 000,-
Undergrunn, Trine RøssevollVisuell kunstÅlesund50 000,- 
Emneord: 
Kommune: