Gunnhild Øyehaug er festspeldiktar i 2015

Gunnhild Øyehaug. Fotokjelde: Dei nynorske festspela.
Gunnhild Øyehaug. Fotokjelde: Dei nynorske festspela.
Gunnhild Øyehaug skal vere festspeldiktar når Dei nynorske festspela blir arrangert for 24. gong i juni. Øyehaug er ein stilsikker forfattar med eit klart blikk for detaljar. Publikum kan sjå fram til å bli betre kjend med både festspeldiktaren og den varierte forfattarskapen hennar under Festspela i Ivar Aasen-tunet 25. – 28. juni.
Eg er glad og stolt over å få vere festspeldiktar i 2015 i Ørsta. Ivar Aasen har alltid vore min store helt, så eg kjenner meg ei blanding av sterkt entusiastisk og smått skjelven for dette oppdraget, seier Gunnhild Øyehaug.

Forfattaren Øyehaug utleverer dei inste tankane til dei litterære karakterane sine. Ho skriv i eit leikent språk om tema som elles blir oppfatta som tabu å snakke om. Øyehaug har heilt sidan debuten med diktsamlinga Slaven av blåbæret i 1998 utfordra ulike litterære sjangrar. I tekstane nyttar ho både popkulturelle og litterære referansar, ofte i ein miks av det saklege og det humoristiske.

Gunnhild Øyehaug har ein allsidig litterær produksjon som femner om dikt, essay, noveller og romanar, i tillegg til at ho har gjendikta lyrikk frå andre språk. Ho fekk sitt store gjennombrot i 2008 med romanen Vente, blinke som blei nominert til Brageprisen og blei seld i svært mange eksemplar. Denne romanen er også utgangspunkt for spelefilmen «Kvinner i for store herreskjorter» som har noregspremiere 6. mars. Gunnhild Øyehaug har sjølv skrive filmmanuset.

– Vi gler oss til å presentere breidda i forfattarskapen, og publikum kan sjå fram til mange spennande møte med Gunnhild Øyehaug i eit variert program over fire dagar i slutten av juni, seier programansvarleg for Dei nynorske festspela, Åshild Widerøe.

Allereie i byrjinga av februar får 8.-klassingane i Ørsta og Volda møte festspeldiktaren, då Gunnhild Øyehaug kjem på forfattarbesøk til alle skulane. Tilbodet er eit samarbeid mellom Dei nynorske festspela og kommunane.

I tillegg til å vere forfattar, er Øyehaug litteraturkritikar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho vaks opp i Ørsta og bur no i Bergen.

Festspeldiktarar 1994–2012
1994 Kjartan Fløgstad
1995 Halldis Moren Vesaas
1996 Paal-Helge Haugen
1997 Ragnar Hovland
1998 Jon Fosse
1999 Åse-Marie Nesse
2000 Rune Belsvik
2001 Brit Bildøen
2002 Einar Økland
2003 Marie Takvam
2004 Frode Grytten
2005 Edvard Hoem
2006 Olaug Nilssen
2007 Erna Osland
2008 Lars Amund Vaage
2009 Tove Bakke
2010 Rønnaug Kleiva
2011 Bjørn Sortland
2012 Arne Moslåtten
2013 Guri Sørumgård Botheim, Sigrid Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen
2014 Agnes Ravatn
2015 Gunnhild Øyehaug
Programansvarleg Åshild Widerøe, tlf. 70 04 75 79, mobil 930 21 742
Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 70 04 75 82, mobil 958 70 569
 
Emneord: 
Kommune: