Grepstad held sin siste årstale om nynorsk

Ottar Grepstad. Foto: Lars O. Flydal
- Hausten 2008 bestemte eg meg for at 12 årstalar er nok. Eg ville slutte før dette berre blei ein gamal vane. Det seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum få dagar før han held den tolvte og siste årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Onsdag! kveld 26. september kjem folk frå heile landet til Ivar Aasen-tunet i Ørsta for å høyre talen som har fått tittelen «Draumen om målet». Arrangementet er gratis og ope for alle.
Ny argumentasjon
Den viktigaste delen av den siste årstalen er det Grepstad kallar ein ny og moderne argumentasjon for nynorsk. - Det blir tenkt annleis om språk over heile verda i dag enn for berre få tiår sidan. Det bør også vise att i den norske språkdebatten, seier Grepstad. Han lovar ein tale fri for polemikk og eit forsøk på å gjere både nynorsk- og bokmålsbrukarar stolte over den språkdelte norske kulturen. - Dessutan skal eg fortelje noko ingen har visst før, seier han.
 
Årstalane samla i bok
Med åra har mange spurt om talane blir samla i ei bok. No får dei det som dei vil. I samband med årstalen lanserer Det Norske Samlaget boka «Draumen om målet. Tilstandsrapportar frå Norge og Noreg». Der er alt med, også alle fotnotane ingen har høyrt. - Moroa ligg i notane, seier Grepstad.
 
Fordi nynorsk er viktig
Årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur har vore den einaste årstalen på heile kulturfeltet. Den første blei halden i 2001. - Talane er blitt haldne for å vise kor viktig nynorsk er, og har vore eit tiltak for å gjere Nynorsk kultursentrum til ein nasjonal kulturinstitusjon, seier Grepstad.
Responsen tyder på at det har verka. «Gjort med overblikk og sans for samanhengar», skreiv redaktøren i Firda etter den første årstalen i 2001. «Kløktig nasjonsbygging», la Knut Olav Åmås i Aftenposten til i 2005. «Desse talane er blitt ein institusjon i norsk kulturliv», heitte det i ein e-post frå ein av dei som tek turen eins ærend til Aasen-tunet for å høyre Grepstad setje punktum.
- Eg blir nok ikkje heilt stille etter dette. Råd og styre i Nynorsk kultursentrum skal leggje premissane for utviklinga av nye og uventa format i arbeidet med å hevde nynorskens rett og eigenverdi, seier Ottar Grepstad. Den drøftinga tek rådet til på alt dagen etter den siste årstalen.
 
12 årstalar 2001-2012
1. Det nynorske blikket. Ivar Aasen-tunet 2001
2. Viljen til språk. Ivar Aasen-tunet 2002
3. Kulturens kritiske masse. Jølster 2003
4. Den språklege lekkasjen. Ivar Aasen-tunet 2004
5. Prinsippet nynorsk. Oslo 2005
6. Den språkdelte kulturens lov. Ivar Aasen-tunet 2006
7. Makta over språket. Bergen 2007
8. Språk i barnehøgd. Ivar Aasen-tunet 2008
9. Valfridom på norsk. Tromsø 2009
10. Med språket som innsats. Trondheim 2010
11. Gledene ved plikta. Ivar Aasen-tunet 2011
12. Draumen om målet. Ivar Aasen-tunet 2012
 
Emneord: 
Kommune: