- Vanskeleg tale å skrive om viktig emne

Ottar Grepstad
Torsdag held direktør Ottar Grepstad den 11. årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur.
Torsdag 22. september er Ottar Grepstad klar med ein ny årstale om nynorsk.

- Dette har vore ein vanskeleg årstale å lage. Emnet er opplæringspolitikken i skulen. Den saka er brennaktuell og stor, og mange har sterke meiningar, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum få dagar før han held årstale nr. 11 om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Torsdag kveld 22. september kjem folk frå heile landet til Ivar Aasen-tunet i Ørsta for å høyre talen som har fått tittelen «Gledene ved plikta». Arrangementet er gratis og ope for alle.

Bidrag til nytenking

- Det blir verre for kvar gong å skrive årstalen, seier Grepstad. - Tanken på at folk kan bli sitjande og høyre på ein lang tale utan å få noko att for det, er ekkel. Der er alltid nokon som veit meir om saka enn eg gjer. Då må eg iallfall vere nøye med fakta og tydeleg i vurderingane. For å greie det er det mykje eg må prøve å forstå, legg han til.

Denne gongen har Grepstad vore gjennom hundrevis av artiklar og skrifter frå dei siste femti åra og søkt råd hos fleire enn han plar gjere. - Eg vonar denne talen kan opne for konstruktiv nytenking om det mest omstridde emnet i norsk språkpolitikk. Difor seier eg også klart frå om kva som bør stå fast og ikkje endrast, seier Grepstad.

Fordi nynorsk er viktig

Årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur er den einaste talen av denne typen på heile kulturfeltet. Talen har vore halden kvart år sidan 2001. Den blir halden for å vise kor viktig nynorsk er i Noreg, og har vore ein del av arbeidet med å gjere Nynorsk kultursentrum til ein nasjonal kulturinstitusjon, seier Grepstad.

Som før røper han ikkje innhaldet på førehand. - Dei som er til stades, skal vere dei første som får høyre det, seier direktør Ottar Grepstad. Dei to førre talane blei haldne i Tromsø og Trondheim. I samband med årstalen kjem både styre og råd i Nynorsk kultursentrum til møte i Ivar Aasen-tunet.

Årstalar 2001-2011

1. Det nynorske blikket. Ivar Aasen-tunet 2001

2. Viljen til språk. Ivar Aasen-tunet 2002

3. Kulturens kritiske masse. Jølster 2003

4. Den språklege lekkasjen. Ivar Aasen-tunet 2004

5. Prinsippet nynorsk. Oslo 2005

6. Den språkdelte kulturens lov. Ivar Aasen-tunet 2006

7. Makta over språket. Bergen 2007

8. Språk i barnehøgd. Ivar Aasen-tunet 2008

9. Valfridom på norsk. Tromsø 2009

10. Med språket som innsats. Trondheim 2010

11. Gledene ved plikta. Ivar Aasen-tunet 2011

Kjelde: Ivar Aasen-tunet 

Emneord: 
Kommune: