Nynorske barnebokdagar i Aasen-tunet

Ingrid Opedal med barnebøker. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Ingrid Opedal med barnebøker. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Fram til og med laurdag 29. oktober er det nynorske barnebokdagar i butikken i Ivar Aasen-tunet. Her kan du få gode tips til bøker for born med ulike interesser og i ulike aldrar. Gode førjulstilbod finn du også.

Forsking viser at høgtlesing styrkar utviklinga av både talespråk og lese- og skriveferdigheiter. Når borna byrjar å lese sjølve, er det viktig at dei finn bøker med innhald som dei likar, anten det er faktabøker eller bøker med emne dei likar, til dømes fotball, dyr og vitsar.

– Utvalet i nynorske barnebøker er både stort og variert. No har vi samla både nye bøker og klassikarar til born i ulike aldrar og med ulike interesser og gir gode råd og tips til dei som ønskjer, seier tunvert Ingrid Opedal, som også freistar med gode tilbod.

Torsdag 27. oktober er det seminar for tilsette i skular og bibliotek, men heile veka vil tilsette i Aasen-tunet vere tilgjengelege for å gi råd og tips om nynorske bøker for born og unge.

Butikken og kafeen er open kvar dag med stort utval i gåver til den som har alt og med lunsj- og kakemeny til store og små og har ekstra laurdagsope i samband med barnebokdagane.

 

Emneord: 
Kommune: