72 millionar til 88 kulturorganisasjonar og –institusjonar i fylket

Atlanterhavsparken var blant dei som fekk støtte (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)
Atlanterhavsparken var blant dei som fekk støtte (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)
Pengestøtta frå fylkeskommunen skal gjere det lettare for kulturlivet å tenke langsiktig og planlegge aktiviteten sin. Sjå kven som har fått støtte.

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte nyleg driftstilskot til 88 kulturorganisasjonar i heile fylket.

-Gjennom driftstilskota bidrar vi til eit breitt spekter av kulturaktivitet og stimulerer til ny aktivitet og utvikling i fylket. Samtidig støttar vi opp om under kva kommunane prioriterer på dette feltet, og forsterkar rolla vår som regional samfunnsutviklar, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Betre levekår

Dei fylkeskommunale driftstilskota er delt inn i faste driftstilskot til dei store kulturinstitusjonane, treårig driftstilskot og eittårig driftstilskot. Det er også etablert ei eiga ordning for regionale festivalar og kulturarrangement.  

I 2018 vart det vedtatt nye retningsliner som understreker at også kommunane må bidra med finansiering til organisasjonane og institusjonane som får støtte.

I 2019 er det tildelt totalt omlag 72 mill. kroner i driftstilskot.

- Målet med pengestøtta er at kulturlivet skal få betre kår, slik at dei skal vere i stand til å planlegge fram i tid og ha føreseielege rammer, seier Nerås Krogsæter.

Første april er det søknadsfrist for eittårig driftstilskot på  500 000 kroner. Denne ordninga er for mindre frivillige organisasjonar.

 

 Faste driftstilskot 
Atlanterhavsparkenkr        4 066 000
Interkommunalt arkiv  Møre og Romsdalkr        3 072 000
Møre og Romsdal kunstsenterkr        1 941 000
Moldejazz - husleigetilskotkr            786 000
Moldejazz - driftstilskotkr        2 557 000
Operaen i Kristiansund kr        3 826 000
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarvkr        1 865 000
Stiftinga Kulturkvartaletkr        1 850 000
Stiftinga Nordmøre museumkr        6 095 000
Husleigetilskot Romsdalsmuseetkr        2 700 000
Stiftinga Romsdalsmuseetkr        6 185 000
Stiftinga Sunnmøre museumkr        6 267 000
Teatret vårt – husleigetilskotkr        2 104 000
Teateret vårt - driftstilskotkr        6 546 000
VOFO - drift/sekretariat kr            314 000
VOFO - rammetilskot studieaktivitet i studieorganisasjonanekr            837 000
 Treårig driftstilskot 
Det Frivillige Skyttervesen Mørekretsenkr            100 000
Forum for Natur og Friluftslivkr            214 000
Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdalkr            230 000
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdalkr            230 000
Sunnmøre friluftsrådkr            630 000
Møre og Romsdal idrettskretskr        2 288 800
Møre og Romsdal idrettskretskr            572 200
4H Møre og Romsdalkr            106 000
Turistforeningene i Møre og Romsdalkr            300 000
Storfjordens Vennerkr              35 000
Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmørekr              30 000
Møre og Romsdal Husflidslagkr            325 000
Møre og Romsdal Folkemusikklagkr            100 000
Nordmøre Mållag, for mållaga i fylketkr              30 000
Vestlandsutstillingenkr            130 000
Seanse - senter for kunstprod, v/Høgskulen i Voldakr        1 200 000
Mediefondet Zefyr ASkr            500 000
Vestnorsk filmsenterkr        1 500 000
Ålesund Symfoniorkesterkr            520 000
Romsdalsorkesteretkr              35 000
Møre og Romsdal musikkrådkr            450 000
NMF Nordvest (Norges Musikkorps Forbund)kr            520 000
Ensemble Dalikr            100 000
Kommunene i Møre og Romsdalkr        4 450 000
Høstscena (Ålesund teaterfestival)kr            450 000
Den Norske Matfestivalen i Ålesund ASkr            416 000
Sunnmøre kammermusikkfestival ASkr              35 000
RaumaRockkr            150 000
Naturfestivalen, Ørstakr              40 000
Musikk i Molde domkirkekr              50 000
Norsk Vandrefestival,kr            100 000
Norsk Fjellfestivalkr            150 000
Bjørnsonfestivalenkr            450 000
Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival ASkr            550 000
Fjord Cadenza Festivalenkr              70 000
Klangfestivalenkr              30 000
Smøla Nærings- og kultursenter/Fru Gurikr            180 000
Stiftinga Giskespeletkr              75 000
Stiftinga Herøyspeletkr            150 000
JazzåTeatret/ Lady Arbuthnotkr            200 000
 Eittårig driftstilskot 
Slekt og Data Møre og Romsdalkr              12 000
Norsk Forfattersentrumkr              65 000
Tempokr              30 000
Fargespill Ålesund Kommunekr              75 000
Sunnmøre krets av Norges Speiderforbundkr              10 500
Romsdal og Nordmøre krets av Norges Speiderforbundkr              10 500
Sunnmøre Krins av Norges KFUK-KFUM speidararkr              10 500
Norges Korforbund Nordmørekr              15 000
Norges Korforbund Romsdalkr              15 000
Fortidsminneforeningen Møre og Romsdal Fylkesavd.kr              15 000
Møre og Romsdal Bygdekvinnelagkr              10 000
Molde Barnefestival AS (Rabalderfestivalen)kr            100 000
X2 Skikr            100 000
Momentiumkr            350 000
In2IT International Dance Festival v/Dance Linkkr              30 000
Go whit the Fløkr              30 000
Dei nynorske festspelakr            150 000
Halsa historielag, Fosskonsertenkr              25 000
Skjærvafestivalen ASkr              75 000
Laget Vårsøgkr            120 000
West Nordic International Film festivalkr              50 000
Åram plusskr              50 000
Nordic Light Events ASkr            550 000
Ålesund Båtfestival - G.A.D. Partner ASkr            100 000
Kommune: